27. jan. 2014

Under ein luftballong

Medan vêret ute er surt og kaldt, og vinden tek tak i alt det kvite som ligg på bakken og på hustaka, er det ordentleg fint å kunne sitje inne med ei god bok i fanget, stearinlys på bordet og ein kopp med kaffi, eller kanskje kakao, i handa. Førre veke las eg ut & me skal bli omskapte som er skrive av kjærasteparet Mariell (bak bloggen hjartesmil) og Jostein. "& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å bestemma over sitt eige liv" (frå boka si bakside). Det er akkurat det det er, og eg må innrømme at eg fekk skikkeleg lyst på sjokolade ;) Boka er fylt med mange fine, vittige, herlege, fantastiske skildringar, ein blir på eit eller anna vis dratt inn i ei eiga verd med Askepotthint, fine brev og nydelege luftballongar. Og den er på nynorsk, ei målform eg berre blir meir og meir glad i. For min del er dette boka for varme, lune innekveldar når det er ordentleg ruskevêr ute!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Tiril sa...

Den ser så fin ut, den boka. Den står her på pynt, i slagbenken - men jeg har nok ikke rukket å lese den ennå (har så alt for mange fine prosjekter på gang), men gleder meg veldig til å ta fatt på den etter hvert. Håper du har en fin søndag! :)

Silje sa...

Omslaget på boka er jo like nydeleg som det inni! Kjekt med ein så fin kommentar sånn på tampen av helga :)

Legg igjen ein fin tanke