Ute er det berre kvitt i kvitt, snøen har verkeleg lava ned og lagt seg i løpet av dei føregåande dagane. Eg er som kjent ikkje veldig glad i alt det kvite, men med ein varm ullgenser i ein dus raudrosafarge som eg kjøpte på Moods of Norway-butikken ute i
Langevåg, er eg litt meir nøgd. Så i går var me ute ein snartur for å ta nokre bilete. Det bles og snødde om kvarandre, men det var jo litt moro også. Antrekksbilete ute i snøen, tja, kanskje skal eg gjere meir av det?! ;)
Legg igjen ein fin tanke