17. jan. 2014

Fagdagen 2014

Snøvêret fortset. Har gått fram og tilbake til skulen i dag i sludd, snø, slaps og noko som liknar på is på bakken. Men samstundes har det vore ein fin dag med fagdag i regi av Rhetorica (som då altså er linjeforeininga for kommunikasjonsstudentane). Temaet var "Strategisk kommunikasjon", og me fekk gode foredrag frå Celin Huseby ved Mondelēz International (avd. Norden), Haakon Dagestad som er seniorrådgjevar i First House og tidlegare stabssjef for Erna Solberg, sjefredaktør i Fædrelandsvennen Eivind Ljøstad og til slutt rådgjevar, skribent og foredragshaldar Øystein Bonvik. Kjekt og veldig interessant å høyre på dei alle saman :) Blir nok ein ganske så roleg kveld her inne med vegetarmiddag og etter kvart Sherlock – snøen fyk og det blæs som aldri før ute.

0 kommentarer: