29. jan. 2014

Byttekveld

I går kveld var det byttekveld hos ei av mine veninner her i byen. Med byttekveld meiner eg at me alle hadde me oss nokre klede, ting, bøker eller liknande som me hadde lyst til å bytte eller gi vekk. Dette er ein veldig grei måte å få oversikt over kledeskapet på, og ikkje minst er det veldig sosialt :) Me var vel omtrent tjue jenter, eller skal eg seie kvinner, så det blei ein god del skravling, ja! Og før me byrja på sjølve byttinga, åt me god kveldsmat med heimelaga knekkebrød og mykje godt pålegg. Ein kjempekjekk og hyggeleg kveld! Eg kom heim med same antall plagg som det eg hadde med meg, og det eg endte opp med var: ei litt grov jakke i eit svartglitrande stoff med stor og stilig krage, ein kvit sommarkjole med blomar på, ein blå kardigan med kule knappar, ein grå vest og ein sølvfarga genser med holmønster (og også eit par øyredobbar som ikkje blei med på biletet). Kjekt med ein fornying av kledeskapet utan at det kosta noko :) Og så må eg berre leggje ved eit bilete av vitnemålet mitt som kom i posten her om dagen: bachelorgrad i kommunikasjon.

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

Gratulerer med vel gjennomført!!

Silje sa...

Tusen takk! :D