23. jan. 2014

Torsdagsliste



Masse, masse snø ute, både på bakken og i lufta. Då er det godt å ha noko å lese på, sjå eller høyre på. Ha noko å glede seg over eller glede seg til. Denne gongen består lista mi av ein god del artiklar eg har lese på nettet eller fine bilete eller videoar som eg har sett på med stor glede. Slik som pingvinen i videosnutten ovanfor (trur eg har delt denne før, men den er jo berre herleg). Har du noko som du liker å gjere når det snør ute eller noko å glede deg til når snøen er borte? Eller kanskje er du glad i dette vêret? Her er i alle fall ei lita liste frå meg sånn på ein torsdag i januar:

✦ sjå den britiske krimserien Broadchurch med David Tennant og Olivia Colman
✦ fengjande, kreative magasinreklamar
✦ ein fiffig måte å gi beskjed til foreldre på
✦ at Sherlock er den mest sette serien på BBC på ti år
✦ utruleg fin kunst
✦ glede meg til det kjem varmare vêr, til å reise på tur i mai/juni, berre komme meg bort, sjå nye ting
"Bestem deg for det"
✦ søte, små dyrebabyar
✦ tenne stearinlys når det blæs verre enn verst ute
✦ sikkert ein god del som allereie har lese denne, men historia er likevel veldig rørande
"Hvem skal oppdra mor og far?" – les den

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Åhh - så mange fine dyreunger! Jeg syns den flodhestmora er litt vittig, der hun dytter ungen bak: "Nå må du komme deg opp og få litt luft"!

Silje sa...

Eg synest alle dei dyrebabyane er søte, eg! No ringer dei frå Chile på Skype her, kjekt å sjå dei "på ekte"! :)

Moder'n på Møre sa...

De ringte til oss også :-) Og minstemann spurte etter katten, så da måtte jeg jo vise fram lille Jeremiaspusen! Jeg tviler på at det blir noe nært forhold mellom katt og barn når de kommer hit på besøk. Mjassen er nok litt for pysete, og små mennesker er han jo ikke vant til, så.... Vi får se.

Silje sa...

Pusen var jo redd for meg også då eg var der i sommar sjølv om han hadde møtt meg før :P Men kjekt å få vist han fram ettersom minstemann spurde :)

Legg igjen ein fin tanke