27. mars 2013

"No ser eg atter slike fjell og dalar..."

Dagane her på Sunnmøre går så altfor fort. Ute snør det. I morgon tidleg, før klokka slår seks, er me på veg til flyplassen for å ta flyet til Sola. Om under eit døgn er eg plutseleg heime. Det blir veldig fint, men eg kunne godt å ha vore her litt lenger. For sjølv om det no snør, har me hatt nokre fine dagar, omgitt av vakre fjell, omgitt av Sunnmørsalpane. Påskeroa har senka seg, så eg kunne fint ha hatt nokre dagar til her berre for å slappe av, lese litt, sjå på utsikta... Men eg gleder meg jo til å ha nokre dagar i hytta vår på fjellet saman med familien min. Det er eit eller anna med hytte, fjell og påske som heng i hop. Utanom å lese og slappe av, var me ute på Moa i går der me fekk unnagjort nokre ærend. Utpå kvelden var me bortom nabogarden for å helse på ein barndomskompis av kjærasten min og familien til denne kompisen. Veldig koseleg å treffe dei! I morgon, omtrent på denne tida, er me atter ein gong vel plassert oppe på fjellet i "Ørneredet".

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Takk for besøket :-) Og velkommen tilbake - koselig å ha dere her.
Flott bilde av den nydelige, orange kveldshimmelen over Hareidlandet, som vi i godvær ofte har glede av!
Kos dere på hytta, og hils familien fra oss!

Silje sa...

Eg kjem gjerne igjen! :D Har nettopp komme heim til Sola etter flotte dagar på hytta. I morgon reiser me tilbake til Kr.sand, og det blir jobb igjen på tysdag... Må helse til alle kjente og kjære!

Legg igjen ein fin tanke