10. mars 2013
Draumereisemål
Eg følgjer jo nokre bloggar via bloglovin', og på fabelaktive.com er det kvar månad ei utfordring. Denne månaden er utfordringa å skrive noko, vise noko, om sitt draumereisemål. Sjølv så har eg så mange, alt fra Roma til Praha til Australia til Korfu. Eller kanskje ein tur til Tromsø (eg har ikkje vore lenger nord enn Trondheim), eller til Paris (mykje for å sjå Euro Disney, og litt for å shoppe). Og så klart står både New York og London høgt på lista på grunn av Broadway og West End. Eg er jo ein stor fan av musikalar! For litt over tre år sidan var eg jo på tur til Aust-Afrika saman med klassen min frå folkehøgskulen, og det er også land eg gjerne skulle ha besøkt igjen. Okei, ein ny tur vil jo aldri bli det same som den turen eg hadde for tre år sidan, men likevel. Me var i Kenya, Uganda og Tanzania, og dei har alle så mykje meir å by på enn det me er klar over. I tillegg hadde det ikkje gjort noko å reise endå ein tur til finaste Krakow. Men å skulle komme fram til berre eit draumereisemål, det er vanskeleg, det. Eg er kanskje ikkje den største draumaren eller den som reiser mest, men som nemnt ovanfor, er det mange stadar eg gjerne vil sjå og oppleve før det er for seint. Så konklusjonen på denne utfordringa er... MANGE! Eg har mange draumereisemål, og då gjerne saman med han eg bur i lag med, ei av mine beste veninner eller ein jentetur med mamma (sa du London?!). Det må vere ein stad der eg kan oppleve ting, gjerne historiske; ikkje berre gå rundt og sose eller berre shoppe. Eg legg difor med ein kollasj med bilete av desse reisemåla som eg har nemnt i innlegget, og dette blir då mitt bidrag med tanke på denne utfordringa. Klarar de å sjå kva bilete som er frå kva by, område eller land? Nokre av bileta har eg tatt sjølv (dei plassane eg har vore på før og som eg har lyst til å besøke igjen); dei andre er frå colourbox.com (Australia, Paris, Roma, New York, Tromsø og Praha) Elles så gjekk det veldig bra med speleoppdraget i går; me fekk til og med tatt ein tur innom skulen også denne laurdagen (etter spelinga vel og merke). Det blei ein vanleg laurdagskveld heime, og så gleder eg meg til i seinere i dag, for då skal me på grilling (viss vêret tillater det) hos eit venepar av oss :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så rart at du kom med dette akkurat nå! For rett før jeg klikket meg inn her så satt jeg og undersøkte reisemuligheter til Gardasjøen. Har nemlig fåt tilbud om "nesten" gratisreise dit, mens T må betale sin egen tur. Så vi lurte på om det var en mulighet for en tur i egen regi - men det ble litt komplisert. Må ha leiebil osv. Men Gardasjøen har absolutt vært et ønskemål for meg (har en del slike på lista, jeg også). Har tenkt på chartertoget som har gått dit noen år (fra Oslo), men nå har de visst kuttet ut det. Så da får vi finne andre måter å komme dit på. Men som jeg nettopp sa til gemalen: Jeg skulle jo til Scotland også! Blir en travel sommer dette, ser det ut for. He, he :-) vi får ta det i tur og orden!
Eg veit! Det er så mange stadar og område som eg har lyst til å oppleve. No blir det fyrst og fremst ein tur nordover i påska, så får me sjå kor turen går sidan ;)
Legg igjen ein fin tanke