9. juni 2025

Sørtoget langs Sørlandsbanen





Kaffi og bok, bok og kaffi. Når togturen er på godt over sju timar, er det klart at det blir mykje lesing og litt kaffi attåt. No i helga tok me nemleg toget for å sjå musikalen Once. Me hadde tinga plassar i ekstravogna, for der får me gratis kaffi og ofte er det meir stille der. Ofte, men ikkje alltid; det var nemleg nokre som tok jobbtelefonar rett ovanfor oss. Heldigvis hadde eg proppar med meg slik at dei tok vekk ein del av lydane. Ute fauk landskapet forbi. Gårdar, berg og vatn, innimellom regna det slik at dropane rann nedover togruta. Me berre sat der og slappa av med kvar vår bok.
 




Sola skein store delar av heimturen i går, noko som gjorde at det var litt ekstra fint å sjå ut av vindauget, Ikkje fullt så fint at det blei varmt på heile toget nettopp på grunn av sola, mange reisande og eit klimaanleegg som ikkje funka. Puh, eg liker å ta tog, men eg skal ærleg innrømme at turen i går kjentest lengre enn det den var. Fekk no lese ut ei bok, duppa litt og byrja på ein miniserie i lag med han der fine. Såg blikkstille vatn fyke forbi, lot auga berre nyte utsikta.

8. juni 2025

Klagar aldri på ein musikaltur






Helga går alltid så fort når ein er ute og fartar – greitt me har ein fridag i morgon også ;) Fredagsmorgon tok me toget til Oslo, for på kvelden skulle me sjå Once på Det Norske Teatret. Og forestillinga innfridde, eg er så glad for at me tok turen. Budde hos svogeren min med familie på Langhus, og det var kjekt å treffe dei og ha ein heil laurdag i lag. Hadde ingen stor plan, men det passa oss fint å berre ta det litt på sparket. Tok toget tilbake i dag, og som fredag, blei det mykje lesing, lukka auga innimellom og fekk slappa av. Torsdag var ein heilt vanleg dag, onsdag var eg ute ein liten tur med jobben og tysdag var det orkesterøving, her kjem det endå litt meir:
 
slukte Matt Cains Becoming Ted, ein så herleg feelgood-bok som også tar opp alvorlege tema
blikkstille vatn langs Sørlandsbanen
små regndropar på ein gul blome sett på veg til jobben 
tihi, alltid like søtt og artig å sjå ein stor hund prøve å bli kjent med ein mykje mindre hund 
byrje på ein miniserie då me sat på toget i dag
eit ekte steinhjarte 
fuglesongen eg høyrer når eg går til jobb
gleder meg til Tordendronningen av Maja Lunde og Lisa Aisato kjem ut i haust
koseleg å ete ute med dei nærmaste kollegaane på onsdagskveld
regn på ruta, kaffi i koppen og ei bok på bordet, togtur på det beste!
å lese Kafkas Forvandlinga var ei fascinerande og annleis leseoppleving 
"People We Used To Be" i ein akustisk versjon
er blitt veldig glad i fargekombinasjonen på dette strikkeprosjektet 
vere på besøk hos Langhusgjengen
gå tur i Bøkeskogen på Jeløya
kult å få inn igjen dialekthandlenetta frå Bokhari til butikken
så søte små andungane er
ete ein gelato på deling før musikalen
traileren til Wicked: For Good, den ser så bra ut (og musikken er jo superb!) 
så innmari, innmari fint å få oppleve musikalen Once på nynorsk!
helse på pusane på Langhus
bibliotekar Kitt Hartley er hovudkarakteren kosekrimboka Dødelig budskap, den fyrste i ein serie

5. juni 2025

Torsdagsfargar





Treng litt blomar her i dag, både ute og inne. Eg ser så mange fine blomar i alle moglege fargar når eg går til jobb no for tida, og det er kjekt å sjå insekta som fyk rundt omkring. I heimen står bryllaupsdagsbukettane framleis på borda. Fargeklattar som lyser opp ein regntung torsdag.

4. juni 2025

Forward



The Swell Season med Glen Hansard og Markéta Irglová. Både Hansard og Irglová har ein lang musikkarriere, og mitt fyrste møte med dei må nok ha vore då eg ein kveld bestemte meg for å sjå den irske musikkfilmen Once ein gong for mange, mange år sidan (og tenk, me skal sjå den på scena no i helga). Songen "Falling Slowly" er frå den filmen, og i 2008 vann dei ein Oscar-pris for beste originale song. Begge har gitt ut album kvar for seg – eg har albuma i hylla – men det er lenge sidan dei har gitt ut noko som The Swell Season. I juli kjem det eit nytt album, og dei har delt eit par av songane allereie. Irglovás rolege og nydelege stemme komplementer Hansards meir ru og sterkare stemme. Songane har eg høyrt fleire gongar, og eg ser fram til å høyre heile albumet om og om igjen.

3. juni 2025

Andedamgjengen




Så søte dei er, også i år. Ved Mosvatnet no, er det i alle fall ein liten andefamilie som er ute og svømmer. Me fekk auge på dei i det dei kryssa Andedammen og over til Mosvatnet. Det siste biletet måtte eg skjere til, for den eine andungen såg ut til å gøyme seg ved ein stein, som om den plutseleg ville poppe fram  og seie "tittei, her er eg!". Rett og slett nokre små, skjønne dunnøste.

1. juni 2025

Lita feiring før jobbhelg




Dagvakter heile veka, ein torsdag som var som ein laurdag, og ein laurdag som var som ein fredag. Mai er alltid litt rar sidan det er så mange fri- og heilagdagar. Eg hadde jobblaurdag i går, så helga blei noko kort. Men eigentleg godt å berre jobbe på dagtid, ein får jo med ein gong litt meir ut av kvelden når ein fyrst kjem heim. Å sykle til og frå jobb no om dagane er noko eg ser fram til, alle fuglane som syng så høgt i sky. I dag blei det ein ordentleg lesesundag, akkurat det same som eg skreiv førre veke, tihi, Slike lesestunder om sundagane gjer særskilt godt etter å ha jobba dagen før. Lita bryllaupsdagsfeiring heime blei det på fredagskveld, og når det gjeld orkesterspelinga, er det no berre ei dryg veke igjen til konsert. Bileta over viser mykje av det eg under har ramsa opp:

Are Kalvøs lille bok Meininga med livet var akkurat like artig og herleg som eg hadde forventa
sennepsgul kjole med blomar på
også denne veka var det ein nydeleg solnedgang langs vegen då me køyrde heim frå orkesterøvinga
ryddeøkt i ei eske full av diverse kort, programhefte og anna gamle ting
desse to, ein liten katt og ein endå mindre kvalp, er noko av det aller søtaste eg har sett på lenge!
valmuane har verkeleg sprunge ut
gøy at orkesteret før oss på tysdagskveld, spelte temaet frå Gudfaren
finaste mannen min og eg, ti år som mann og kone, eit lite minne frå bryllaupet
kontrastlauv på bakken 
som eg gleder meg til Torsdagsmordklubben som kjem på Netflix i haust
flotte blomebukettar, hjartesjokolade og ein rabarbaradrikk som me fekk til bryllaupsdagen vår
blå himmel som titta ned på oss gjennom takvindauget då me øvde med orkesteret
endå meir av dei knallrosa rododendronane
har storkost meg med å høyre leseklubben sin podcast om Stolthet og fordom (eg las jo boka i fjor)
og apropos Austen: ein artikkel om 250-årsjubileet og denne artige videosnutten om våte skjorter
ventar litt med å lese den, men supergøy å sjå Silverborn, den fjerde boka om Morrigan, i butikken
heimedate på bryllaupsdagen vår med mat tinga frå Hekkan Burger
sykle til jobb, høyre fuglane syngje, sjå alt det grøne overalt
sjarmerande når ein liten hund vil sove inntil ein fin katt og ein mykje større hund
å, Debbie Tungs Book Love er ei så finfin og herleg bok!
sitje ute på balkongen og lese litt tidlegare i dag
Odd Vegard Paulsens Heimkomst var ei røff og til tider vond lesing – men han skriv godt, altså

30. mai 2025

Heile ti år ♥

Latter og store smil, nokre tårer og mange fine folk, ein solskinsdag som eg for alltid vil hugse. Du veit korleis ein seier at tida går fort i godt i lag, og det stemmer. For tenk, i dag er det ti år sidan du og eg sa "ja" til kvarandre. Ti år som eg ikkje heilt skjønner kor er blitt av. Ti år som mann og kone, men endå fleire som kjærastar. Alle desse åra med kvardagar og reiser, orkesterkonsertar og musikalar (tihi, du er god som held ut med ein musikalnerd som meg), år med små og store gleder. Og år med di støtte og armkrok når dagane har vore kjipe og grå. Du som ser meg akkurat slik eg er, anten det er med smil eller med tårer. Å få ha handa mi i di, berre vere med deg, eg kjenner meg elska. Eg er heldig og takksam som får oppleve livet med deg. Du och jag, kvar dag. Eg elskar deg ♥