9. juni 2024

Klassikarar i bok- og musikkform




I kveld spelte me siste orkesterkonsert før sommarferien. Hadde øving i går, generalprøve midt på dagen i dag og sidan konsert, så ein kan vel trygt seie at det har vore ein ordentleg orkesterhelg for vår  del. Sidan me ikkje spelte på alle satsane, blei det (heldigvis) ein del tid til lesing også. Helgebesøk av Zalo, kveldsmøte på jobb, sykle til og frå jobb mellom regnbygane (for det har faktisk vore ein del regn her i byen denne veka), kjekt å planleggje endå litt meir av årets sommarferie og sånn sett elles heilt greie dagar på jobb. Tre av fire dagar jobba eg kveld, og det er jo ikkje heilt optimalt. Men, men. No er det på tide å slappe av med ei god bok, prøve å roe ned kroppen etter konserten. Håper du har hatt ei fin veke og ei like fin helg, her kjem meir av mine fyrste junidagar:
 
brukte litt tid, men som eg likte å lese klassikaren Pride and Prejudice av Jane Austen
når ein ikkje speler like mykje på alle satsar, må ein nytte sjansen til ei lesestund
oransje valmuehav
og apropos blomsterhav: synest denne tapeten er superfin 
knallgod laurdagspizza og morosam film
Ixelles av Johannes Anyuru er ei bok ein berre må lese, for ei leseoppleving!
få auge på ein svanefamilie rett ved Mosvangen camping på veg til jobb 
"Top 20 Stop Motion Animated Movies"The Fantastic Mr. Fox og Nightmare Before Christmas
Obrestad fyr som ein einsam majestet ute ved havet
alltid kjekt når kjentfolk er innom butikken og eg har tid til å slå av ein prat
sjeldan eg les bøker om filosofi, men Gaarder skriv så herleg funderande i Det er vi som er her nå
gleder meg stort til å sjå Jesus Christ Superstar i september, og her kan ein høyre ein smakebit
høyre "One Night in Bangkok" frå Chess på radioen på veg heim frå orkesterøvinga
lage ei lita utstilling på jobb i samband med pride
nettbutikk for alle oss bibliofilar ;)
ete god middag på restaurant før kveldens konsert
rhododendronfargefest etter regnet
blir ikkje lei av å sjå ein video eller to med denne fine kattegjengen
låt bra på konserten i kveld der me mellom anna spelte Brahms sin fyrste symfoni
helgebesøk av Zalo, og han er så morosam når han et frukost i lag med oss
bok tre om Anne, Anne of the Island, er nyleg lesen og eg verkeleg koste meg også med denne!

7. juni 2024

Oransje blomsterhav






Ikkje berre løvetann og rhododendron langs den vegen eg syklar fram og tilbake jobb. I ei lita eng rett ved ei av naboblokkene, er det akkurat no meir enn berre grønt og litt gult. For oransje valmuar stikk opp og skaper ein varme som lyser på lang avstand. Eit lite blomsterhav i sidesynet mitt.

5. juni 2024

Som ein dans


Kveldslyset som laga ordentleg skuggespel på veggen laurdagskveld. Me sat inne på gjesterommet – han i dagsenga og eg i den lille lenestolen – og las i kvar vår bok. Slappa av, høyrde lågt på roleg musikk og berre naut tida. Vindauget stod på gløtt slik at gardinene blafra, og det var som om dei dansa på veggen då lyset skein gjennom dei. Kveldslyset og ei lita lesestund tidleg i juni.

4. juni 2024

Einsam majestet


Køyretur langs Jæren. Han fine og eg. Sjå ut vindauget. Gule enger, så gult at ein nesten ikkje ser det grøne graset. Eit fyr ute ved kysten frå 1873. Obrestad fyr ligg så å seie rett ved Hå gamle prestegard, så når ein fyrst er der ute, er det enkelt å ta ein tur innom både det eine og det andre. Eg veit ikkje heilt eksakt kva det er med fyrtårn, men dei fascinerer meg. Anten det er lite eller stort, det er noko med at dei står så langt ute ved havet, ofte heilt for seg sjølve, som ein einsam majestet.

2. juni 2024

Heldigvis mykje bra lesestoff








Rydde vekk maisalet, ta i mot store leveransar, hjelpe kundane og fylle på med nye varer, dagane på jobb denne veka har verkeleg vore travle og det har vore vanskeleg å komme à jour. For all del, det er ikkje slik at det er krise, og me gjer alle så godt me kan (fine folk å jobbe i lag med), men akkurat desse dagane har det vore litt for mykje for min smak. Var difor veldig godt å ikkje ha store planar for helga, og eg har fått lese mykje, mykje, mykje. Min betre halvdel gav meg makronar og blomar på bryllaupsdagen vår, han kjenner meg godt ;) Litt vind i dag, men sola varma og me var ute og gjekk ein akkurat passe sundagstur. Stakk forresten innom Sunde gårdsutsalg der me alltid finn gode, lokale produkt å ha med heim. Og trass travle timar på jobb, har det også vore fleire lyspunkt:
 
las nyleg Jenta under jorden, og likte godt denne fyrste krimboka om rettsarkeolog Ruth Galloway
gleder meg til å sjå eit par musikalar i London i sommar
Sofia Lundberg kan det med å skrive om einsemd og alderdom: Eiketreet er ei sårvakker bok
gjensyn med Haru som ein liten kattunge, og han hadde like store og skjønne auge då som no
høyre "Six Ribbons" med Jon English på radioen nesten på bryllaupsdagen vår
dei knallsøte andungane ved Mosvatnet
siste rest av vår: rosa konfetti på bakken
Mirandas vlog frå Bath, ser ut som ein koseleg by med fleire flotte bokbutikkar
kveldslyset som dansapå veggen inne på gjesterommet i går då me sat der og las
kaffi, bok og makronar, ekte sundagskjensle
for ein søt lundefugl, teikna av Caroline McPherson
kjekt å prate med ein eg gjekk i klasse med på ungdomsskulen då han var innom for å finne ei bok
sykle i skjørt utan strømpebukse
gjensyn med Haru som ein liten kattunge, og han hadde like store og skjønne auge då som no 
må berre nok ein gong tipse om TAKEaBREAK i Sokndal – me rakk til og med å lese litt
småartig å ta eit bilete av dei nyaste pocketbøkene ein av jobbmorgonane
tinge heim god, gresk middag i kveld som ei lita minifeiringa av bryllaupsdagen
og Haru som no passar på dei to små, søte kattungane Bami og Dami
komme oss ut på ein liten sundagstur før det var heim og lese meir i dei kjekke bøkene
knallgult i alt det grøne på veg til jobb
togferie blir det også i år, og boka Reis bedre er ei ordentleg inspirasjonskjelde

30. mai 2024

For alltid den nestsiste vårdagen ♥

Veit ikkje om du veit kor mykje du betyr for meg. Finingen, vimsen, kjærasten, mannen min. Som ser meg for den eg er, både med og utan tårer, både med og utan smil. Ein dag der det nesten berre var smil, var bryllaupsdagen vår. Då du og eg sa "ja" til kvarandre, og i år er det jaggu meg keramikkbryllaup. At me framleis vel kvarandre, er eg takksam for. Å få halde handa di, vere nær deg, dele kvardagen i lag og oppleve nye plassar med deg, er noko som alltid får fram smilet mitt. Einige er me nok ikkje alltid, men at det for alltid er den nestsiste vårdagen, det trur eg me kan vere einige om. Takk for at du held ut med meg, både i går, i dag og i morgon – eg elskar deg ♥

29. mai 2024

I ein liten andedam


Andedammen ved Mosvatnet. Sothøneungane er søte og samstundes litt rare: dei aller minste er raude på toppen, og sidan dei vaksne er heilt svarte med eit lite kvitt parti, blir det ein litt morosam kontrast. Berre eit par meter unna, var det ein liten andefamilie som traska over stien.
 



Andefamilien tok seg ein liten svømmetur. Bittesmå, nusselege dunnøste som plaskar i veg. Eller, plaskar er å ta hardt i, for dei svømmer ganske elegant også som små. Mosvatnet, altså.