10. feb. 2016

Ny hårklipp ☺︎

Ein del selfies i eit og same innlegg, men med ny frisyre måtte eg jo ta meir enn berre eitt bilete for å vise den frå alle kantar ;) Som de sikkert skjønner, så er eg i alle fall veldig nøgd, det er så himla herleg å ha litt mindre hår å halde styr på. Og dette er så mykje meir meg! I går hadde eg på med den fine genseren med applikasjonar som eg kjøpte på etsy.com. Snart er det allereie for varmt til å bruke slike tjukke genserar, så eg måtte jo nytte sjansen. I bakgrunnen kan ein sjå noko av veggen inne på soverommet vårt, den veggen me endeleg blei ferdig med i haust, og eg lovar at eg snart skal lage eit lite innlegg om det prosjektet :) Sånn elles var eg på jobb halv åtte om morgonen i dag sidan eg måtte gå tidleg for å rekke rettleiing på skulen halv fire. Hadde time med rettleiar og ein time blei plutseleg til tre. Har ein god del å gjere framover, men det byrjar heldigvis å komme seg :)

8. feb. 2016

Gåtur rundt Vannassen ein laurdag i februar

Sjølv om me har gått rundt Vannassen ein god del gongar sidan me flytta til byen, er det framleis ei løype me ofte bruker når me er ute og går tur. Me gjekk der no på laurdag som var, og då måtte eg berre fram med kameraet. Eit velta tre, regndropar og grøne fargar. Så mykje fint ute i naturen.


Trur ikkje det er nokon som helst tvil om at fuglane får nok mat i alle fall ;) Me har sett det fleire gongar og også no i helga var det nokre folk som mata dei, både endene, svanene og måkene.


Og til slutt, på vegen heim igjen, tok eg bilete av nokre tre som blei spegla i vasspyttar. Er så herleg å gå slike turar, få lufta både tankane og vettet, kjenne frisk luft, prate om alt og ingenting saman med min betre halvdel. Slike turar i ein litt travel kvardag gjer så godt, og eg håper på mange fleire!

7. feb. 2016

Eit lite vårteikn og andre gledespunkt

Ute er det regn og vind om kvarandre, og då er det noko eige å sitje inne og berre ta det heilt med ro, slappe av med ei god bok og stearinlys. Tidlegare i dag, då me var på veg til eit venepar av oss, var det opphald og me tok ein liten omveg for å nyte den friske lufta. Såg eit vakkert tre som no har byrja å blomstre, og sjølv om det berre er februar, er dette eit ordentleg vårteikn i mine auge :) Me traff også denne fine katten :) Hadde nokre koselege timar med fine folk, bra prat, latter, mykje kaffi og gode fastelavnsbollar. Elles har det vore ei grei veke med kjekke dagar på jobb, litt oppgåveskriving og tur til frisøren. Som vanleg blir helga avslutta med ei lita sundagsliste:

✦ høyre noko veldig til fuglekvitter tidleg onsdag morgon medan eg venta på bussen til jobb
✦ så bra skrive om blant anna parforhold hos Antisupermamma
✦ vere på besøk hos fine folk
✦ herlege bilete av søte ekorn
✦ fin respons på blogginnlegget om kvifor eg bloggar
✦ denne saka om det å vere litt hyggelegare
✦ fine, rosa blomar på eit tre på veg til veneparet i dag
✦ Synne sitt blogginnlegg med så mange bra spørsmål og svar
✦ stikke ein tur innom NMS Gjenbruk og finne fine bruktskattar
✦ for ein kjempebra og veldig morosam parodi på Skavlan
✦ setje av tid til å lese i ei krimbok blant pensum og oppåveskriving
✦ får jo nesten lyst til å starte på nytt med innreiing når eg ser dette blogginnlegget hos Ann Merete
✦ vere ein tur innom frisøren, noko som var ganske så herleg
✦ få mail om at den nye CD-en til Laurence Fox er på veg i posten

6. feb. 2016

Breiavatnet v2

Førre sundag, då eg var på veg til jobben (badevaktjobben), bytta eg som vanleg buss nede i sentrum. På veg frå den eine bussen til den andre, gjekk eg også denne gongen rundt Breiavatnet. No er det ikkje lenger snø og is der, men fint er det no likevel. Denne veka har det vore litt sludd og snøfall innimellom, men det har smelta ganske fort, og det er så herleg å kjenne at det går mot lysare tider! I dag har eg fått jobba littegrann vidare med oppgåva, gått ein tur med mannen rundt Vannassen og fått vore ein tur innom frisøren. Fantastisk å få klippa vekk ei god del av lengda på håret (bilete får komme seinare)! Her hos oss blir det ein herleg og roleg kveld. Med jobb for oss begge to, NM Brass der han var opp og ned Bergen på eit døger, oppgåveskriving og kurs i Kr.sand for mannen min sin del neste veke, gjer at ein slik roleg kveld er etterlengta og avslappande :)

5. feb. 2016

Ny månad og nye gardiner

Ny månad, ny side i kalenderen. Er så gøy å ha ein slik nerdete og kul kalender inne på soverommet vårt! Og apropos soverom: her er gardinene våre, gardiner som er enkle og som passar perfekt med fargetemaet inne på rommet. Etter kvart skal eg vise dykk korleis rommet såg ut før og korleis det ser ut no, men det er neimen ikkje enkelt å få til eit oversynsbilete av eit relativt lite rom. Vel, vel. No er det fredag og helga er her. Her blir det oppgåveskriving, lesing, skal få unnagjort nokre ærend i morgon og på sundag skal me ein tur til eit venepar for å prate, le og ete fastelavnsbollar :)

3. feb. 2016

Bøker i kvardagen

Stikk berre innom for å seie "hallo" og for å leggje ut to bilete av min kvardag slik den er akkurat no for tida. Det handlar om bøker. For når ein jobbar ved eit bibliotek, blir det ofte nokre bøker med heim i ein pose, og inne på kontoret på jobb ligg det bøker i haugar og lass. Det er berre slik det er, det :) Sånn elles prøver eg å skrive på oppgåva kvar dag, nokre dagar meir enn andre med tanke på jobb og orkester, men i alle fall jobbe jamt og trutt. Dei fyrste dagane i februar har vore fine!

1. feb. 2016

Kvifor eg bloggar

Eller kanskje eg heller burde ha skrive kvifor eg framleis bloggar. For då eg byrja å blogge hadde eg ei klar retning og eit mål med det heile: å dokumentere og fortelje alle mine kjente og kjære korleis dagane mine på folkehøgskulen var. På denne måten kunne dei som ville oppdatere seg på korleis eg hadde det når dei ville, kvar dei ville og med bilete til kvart innlegg. Eg skreiv på dialekt og bileta var ikkje av det beste slaget, men det funka. Då me flytta til Kr.sand året etterpå, fortsette eg i den same stilen med ein god del kvardagsprat. Kvardagsprat er det enno, men i staden for å berre fortelje og rapportere kva som skjer dag for dag, veke for veke, plukkar eg små glimt her og der. Eg har ikkje den største lesarskaren, men det har eg aldri hatt heller. Det at eg framleis skriv her, gjer eg vel så mykje for meg sjølv som for dei som ønskjer å lese. Å få satt ord på tankar, skrive ned lister, leggje ut bilete frå gåturar, reisar og kvardagen og dele nokre små kreative prosjekt gjer eg for å finne glede når dagen er tung. Eg gjer det for å strukturere kvardagen og enkelt kunne sjå tilbake på og mimre dagane, vekene, månadane og åra som plutseleg er forbi. Så klart er det ekstra kjekt å skrive når eg får nokre kommentarar på innlegga mine i ny og ne. Men det å ha ein stad der eg samlar alt, er nok hovudgrunnen til at eg framleis bloggar. Om du les dette, sånn akkurat no, er eg jo veldig glad for at akkurat du tok turen innom. Hadde eg aldri fått noko som helst respons på det eg skriv, så er vel sjansen stor for at eg hadde slutta sjølv om eg som tydeleg nemnt skriv denne bloggen vel så mykje for meg sjølv. Og til slutt vil eg berre seie at de er så himla bra alle saman :)