Ein del bilete å dele med dykk denne sundagen – ikkje fordi det har skjedd så veldig mykje i denne veka, men det har vore ein del å ta bilete av. Bok, adventsstjerna i vindauget, fin og kul gatekunst, julepynt og snø. Regn, vind, storm, sludd og snø, her har me hatt alt i løpet av berre nokre dagar. Lesing og hygge har det blitt her inne med lys og nokre koppar med te. Tysdag var det både samling og lunsj med jobben på dagen og konsert med orkesteret om kvelden. Eg har fått truffe nokre fine folk i helga, vore ute på julehåvehandling og slappa av. Og vanlege dagar på jobb, nokre lengre enn andre. No sit me og ler av Whose Line is it Anyway? Australia, og vekesoppsummeringa er klar:
✦ lese ut den fine juleboka Let it snow med ein kopp kaffi ved sidan av
✦ sjå den herlege, lille julebyen i miniatyr då me var i Sandnes på julegåvehandling i går
✦ det var ikkje eg som gjorde det, men litt artig å sjå mitt eige namn på spegelen inne hos ØST
✦ skummel og samstundes morosam gatekunst på ein vegg i Stavanger Øst
✦ ein vakker versjon av hovudtemaet frå The Gladiator
✦ skru saman nye utstillingsbukkar på jobb
✦ lunsj med jobben inne på ein herleg julepynta kafé (ØST)
✦ gode og viktige ord på ein vegg midt i sentrum
✦ viktig blogginnlegg om #metoo-kampanjen inne hos Julianne
✦ fantastisk soloppgang, vel å merke førre veke, for det var den fyrste soloppgangen i desember
✦ at det er komme ut nye episodar av Cold Feet (Kalde føtter)
✦ "Bohemian Rhapsody" med Pentatonix
✦ adventssjerna og adventsstaken når det er som mørkast ute
✦ treng det ikkje, men berre måtte ta bilete av "lesesokken" og "lesepleddet" som eg såg hos Ark
✦ flott bilete frå Flåm på Instagram-kontoen til Interrail
✦ hest og kjerre i gågata (Langgata) i Sandnes, det gir jo julestemning de luxe
✦ spele "Nøtteknekkersuiten" på konsert med orkesteret
✦ okei, eg er ikkje den største fanen av snø, men det gjer no landskapet mykje, mykje lysare
10. des. 2017
8. des. 2017
Fredagsmys
Blir visst ein del bilete av dei varme og gylne lysa inne mot regnet og mørket ute. Ikkje noko betre vêr her i byen i dag enn i går, men det hjelper no litt med stearinlys og adventsstake. Julepynten har stått framme ei veke allereie og det er 2. sundag i advent om berre to dagar. Tida går fort, og plutseleg er den koselege adventstida over. Men nok om det – no er det fredag og helg!
Merkelapp
kvardag
7. des. 2017
Regntung morgon
Ikkje den lysaste og finaste morgonen her i dag. Ute bøttar det ned, det er mørkt og hustrig. Regndropar på vindauget er det mange av. Juletreet nede på plenen vår prøver så godt det kan å lyse opp i eit elles mørkt landskap. Det same med lyktestolpane og lysa frå butikken. Eg sit inne med ein kopp kaffi og bok, akkurat slik eg gjorde i går. Jobb om ikkje så altfor lenge. Håper på noko betre vêr til helga, men enn så lenge får me klare oss med varme pledd og fine stearinlys.
Merkelapp
kvardag
6. des. 2017
Desembermorgon med bok, kaffi og julemusikk
Etter at det var kaldt og tørt ute dei siste dagane førre veke, er det no nærmare ti plussgradar og bøttande regnvêr. Vanskeleg å tru at me er i desember når ein ser ut av vindauget. Det er då det er ekstra koseleg å starte dagen med å lese kapittelet "6. desember" i Julemysteriet medan eg høyrer på "The Christmas Song" (for eg har jo så klart ei eiga julemusikkliste på Spotify). Skal av garde til seinvakt på jobb etter kvart, men akkurat no slappar eg berre av, ein onsdagsmorgon i desember.
4. des. 2017
Stjerne i mørket
Adventsstjerna i vinduaget. Like fint kvart år. Eit kjært syn no når det blir mørkt ute klokka fire om ettermiddagen. Ingen tvil om at adventstida er her med mykje lys og mykje hygge.
Merkelapp
kvardag
3. des. 2017
Bøker og flotte solnedgangar
Julestemninga er på veg, og i dag er det fyrste sundag i advent. Sidan julaftan i år hamnar på ein sundag, "mistar" me jo ein adventssundag, men, men. Jul blir det likevel ;) Veka har stort sett gått med til å jobbe og å lese. Er så godt å ha kjekke og gode bøker som ventar på meg når eg kjem heim frå jobben. Kort oppsummering av veka denne sundagen, men ei lita liste skal de no uansett få:
✦ lese eit kapittel for kvar dag no i desember i boka "Julemysteriet" av Jostein Gaarder
✦ Lake District, eit ypperleg reisemål for neste sommar
✦ klare sytten av tjue spørsmål i Dag og Tid-quizen
✦ at Kvitnes og Kvitnes song "Falling Slowly" frå den finaste Once i Beat for beat
✦ tenne lys i den vakre telyshaldaren
✦ alle dei supre bidraga i novembertemaet av Monthly Makers (som altså var bøker)
✦ bokjuletreet som står ved ein av inngangane på jobb
✦ den gamle julefilmen It Happened on Fifth Avenue frå 1947
✦ lese ei ny og spennande krimbok av Trude Teige
✦ kanskje det var nokre av desse Harry Potter-tinga eg skulle ha ønska meg til jul?!
✦ solnedgangen over Ullandhaugtårnet den siste dagen i november
✦ pynte litt til jul
✦ sjekk ut desse magiske og fine biblioteka
✦ julelysa i Vågen i Sandnes på veg til orkesterøvinga
✦ eit bilete frå Flåm-bana hos Instagramkontoen @accidentallywesanderson
✦ sterk bok skriven av Olaug Nilssen, årets Brageprisvinnar
✦ med desse bileta frå Roma inne hos Emily får eg lyst til å reise til den byen med ein gong
✦ bli møtt av ei dørmatte på med teksten "Så kjekt å se deg"
✦ endå eit bilete av den magiske solnedgangen som eg opplevde på veg heim frå jobb torsdag

sundagsliste
1. des. 2017
Fredag, desember og den vakraste julesongen
Fyrste dagen i desember er snart over. Men før dagen i dag blir til i morgon, er det tid for å dele den aller vakraste julesongen, akkurat slik eg gjer kvart år. For meg blir det inga jul utan "Walking in the Air" med Aled Jones. Den versjonen der me får se han syngje med seg sjølv som ung. Julestemninga kjem med ein gong. Fint å kunne starte helga og adventstida med denne songen.
Merkelapp
musikk
Abonner på:
Innlegg (Atom)