23. okt. 2017
Solskin ute på Rosenli ein oktobersundag
Før me skulle spele konsert i går, fekk me vore ute i finvêret. Det gjorde så utruleg godt! Å kjenne sola i andletet midt i oktober, sjå utover sjøen, det vakre og gylne lyset på det gule haustlauvet. Me tok bussen ut til Rosenli og gjekk på ein tursti heilt nede ved vatnet. Nokre var ute i båt, eit fint rådyr sprang plutseleg over vegen ikkje langt frå der me stod og på ein vegg fann me vakker gatekunst. Lot tankane fare, titta opp på eit stort, raud og flott hus, gjekk roleg vidare, hand i hand med mannen min. Kanskje ikkje den lengste turen, men den var no herleg, særskilt no i mørketida.
Merkelapp
tur
22. okt. 2017
Rosa hotell og rosa himmel
Tidleg ute med sundagslista denne veka. Me ska nemleg ha konsert med orkesteret i kveld (som nemnt i går), og eg kjem ikkje til å ha mykje energi igjen når me kjem heim til å sitje foran skjermen og publisere vekesoppsummeringa. Ute skin sola og me har allereie fått vore ute ein tur og gått. Det er noko eige å få bevege seg, kjenne sola varme no om hausten når mange av dagane er mørke, regtunge og korte. Å nytte sjansen til å komme oss ut når sola fyrst er framme; eg kjenner kor viktig det faktisk er. I veka har det vore greie dagar på jobb med klassebesøk og vanleg skrankevakt. På torsdag hadde eg også vakt nede i byen, og det er spennande å sjå: 4. november har Sølvberget 30-årsdag, og i samband med årsdagen, har det vore full oppussing i fleire av etasjane. Blir superflott! No er det fram med ei bok før det blir middag og konsert. Og så klart lista:
✦ flott solnedgang over hotellet ikkje langt unna jobben
✦ å lage eit slikt tog i samband med ny filmatisering av Mord på Orientekspressen
✦ kveldshygge med stearinlys, kaffi og bok
✦ lage ferdig fotobok frå London og Stockholm og også årets julekort
✦ ei Harry Potter-relatert topp 10-liste (HP for alltid)
✦ endå meir av den rosa solnedgangen
✦ sundagstur ute ved Rosenli i strålande solskin, lukta av sjø, den gode og friske haustlufta
✦ bryllaupsbileta som Sara har tatt – ho har verkeleg fanga den varme og gode stemninga
✦ ete taco og sjå Disney-filmen Bedknobs & Broomsticks etter konserten i går kveld
✦ kjekt å spele konsert med orkesteret sjølv om det har vore ein del øving og teljing av pausar ;)
✦ "7 Legendary Authors Who Only Wrote a Single Novel" – dei neste bøkene på leselista?!
✦ går ikkje an å bli lei dei varme fargane på trea no om hausten
✦ friske opp fransken med Duolingo
✦ strikke meir på skjerfet medan eg såg på TV-programmet Eventyrlig oppussing
✦ må prøve å få besøkt i alle fall ein av desse flotte bokbutikkane
✦ det gylne lyset som skein ned gjennom takvindauga då eg skulle heim frå seinvakta på onsdag
✦ god og spennande krimbok av Ninni Schulman, den femte om journalisten Magdalena Hansson

sundagsliste
21. okt. 2017
Orkesterhelg
Tittar berre innom for å seie "hei" og "god laurdag". Me har nettop vore på ei lita øving med orkesteret og klokka seks i kveld blir det konsert. Halvorsens symfoni nr. to og Beethovens Trippelkonsert står på programmet. Det blir også konsert klokka sju i morgon kveld, så dette blir med andre ord ein ordentleg orkesterhelg. Forhåpentleg får me også tid til å lese litt, slappe av, sjå ein film, gå ein tur viss vêret er bra nok. No er det pause med kaffi og roleg musikk på øyret.
Merkelapp
korps og orkester
20. okt. 2017
To silhuettar
Om berre ein dryg månad er det plutseleg to og eit halvt år sidan den finaste dagen. Og tenk: i desember er det ni år sidan han og eg blei "me". I oktober har temaet for Monthly Makers vore foto. Me har nok bilete på veggane, og eg hadde heller ikkje eit spesifikt motiv eg ville prøve å ta bilete av. Opp gjennom åra har eg samla på nokre lenkjer til fine idéar, og då eg leita, fann eg ei lenkje til korleis å lage silhuettar. Og då var det gjort. Resultatet ser du over: silhuettar av to bryllaupsbilete.
Eg følgde ikkje "oppskrifta" som eg fann til punkt og prikke, men eg brukte den som eit utgangspunkt. Fann to bilete frå bryllaupet der det er tydelege profilar og nok mellomrom mellom oss slik at ein ser detaljane også når bakgrunn og alt av fargar blir tatt vekk. Opna bileta i Photoshop, markerte bakgrunnen, klippa den vekk og la på eit adjustment layer som heiter "threshold". Drog den kvite pila heilt til høgre slik at alt blei svart, og dei lille felta som ikkje blei det, tok eg å "måla" over med penselen (ha, ha, framleis i Photoshop). Fekk tatt utskrift av silhuettane og byrja å klippe dei ut. Mange små detaljar å klippe ut, så her måtte eg fram med det lille tolmodet mitt. Limte til slutt silhuettane på noko fint papir som eg hadde liggjande.
Originalbileta og silhuettane rett under. Og vel, eg blei veldig nøgd. Veldig kjekt å prøve ut ein ny teknikk, og når resultatet blei slik eg hadde sett for meg, er det ekstra stas! Den største av silhuettane skal stå i eit hjørne på kjøkkenet medan den lille i ramma skal stå på nattbordet. Å lage slike silhuettar gjer eg gjerne fleire gongar. Perfekt som gåve til jul, bryllaup, bursdag og liknande.

19. okt. 2017
Lys og hygge inne ein haustkveld
No byrjar det å mørkne ute, tidlegare og tidlegare for kvar dag. Me tenner stearinlysa, blar i IKEA-katalogen, drikk kaffi. Å sitje under eit mykt og varmt teppe og leve meg inn i eit anna univers med ei god bok, det er noko eg sett veldig pris på. Berre senkje skuldrene, draume meg av garde.
18. okt. 2017
Fargerik bygning i Wien
Trur me såg denne fargerike plassen på eit postkort i ein butikk, og før me drog vidare til neste by (Budapest), ville me prøve å finne plassen: Hundertwasserhaus. Huset er eit leileghetskompleks som blei laga av artist Friedensreich Hundertwasser og arkitekt Joseph Krawina. Huset blei bygd i åra 1983-85. Så mange fargar, fasongar og artige detaljar! Eit bra siste stopp i ein by eg ser tilbake på med mange gode minne. Og dagen etter var det av garde med tog til Ungarns hovudstad.
Merkelapp
reise
17. okt. 2017
Vålandsparken v10
Nokre av trea har framleis mange grøne blad, men det er vel ingen tvil om at det har dukka opp fleire blad på bakken. Brune blad. Og fleire gule blad har komme blant dei grøne på trea. Me er godt ute i oktober og slik ser altså Vålandsparken ut no. Haustleg stemning med lauv overalt.
Merkelapp
kvardag
Abonner på:
Innlegg (Atom)