8. apr. 2017
A+F ♡
I dag feirar me kjærleiken; i dag er det A og F sin dag. Eit nært venepar av oss seier i dag "ja" til kvarandre, og me får vere med å feire dei. Håper dagen blir akkurat det de håper på, og kanskje endå litt meir. Me gleder oss med dykk! Gratulerer så mykje med bryllaupsdagen, finingar ♡
7. apr. 2017
Tulipanar i vakre fargar og god sjokoladekake
Veit ikkje heilt kva eg skal seie om det som har skjedd i Stockholm. Det stikk litt ekstra i magen når det heile er så nært. Håper likevel at fredagen din har vore bra. Til bursdagen min som var på onsdag fekk eg blant anna vakre, fargerike tulipanar av min betre halvdel, og sjølv så hadde eg bakt ei kake. Eg prøvde meg på "sjokoladebiter med mokkaglasur" frå Det søte liv, og den blei knallgod; kan verkeleg anbefale den oppskrifta. I morgon er det offisielt påskeferie. Ikkje for det – eg skal på jobb både på måndag og tysdag, men elles er det faktisk ferie. God helg og riktig god påske ^^
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
5. apr. 2017
Halvvegs til femtifire 🎉
Hei og hå! I dag er det jaggu meg min bursdag! Halvvegs til femtifire og greiar, noko som vil seie at eg i dag blir tjuesju ;) Skal ikkje ikkje feire den på noko særskilt vis, men litt kake blir det; eg laga ein sjølv i går, og eg er jo ikkje den som pleier å stå på kjøkkenet. Ei gåve og to blir det vel også kan eg tenkje meg, og mange fine helsingar. Og så kan eg jo håpe på like fint vêr som det var for nærmare to veker sidan (for eg skal vere med og sjå mannen min spele fotballkamp ute på kvelden) og ein bukett blomar like fin som den som stod på bordet då me feira ein sekstiåring i helga (hint, hint...). Uansett trur eg det blir ein bra dag – det er jo ikkje kvar dag ein blir eit heilt år eldre!
Merkelapp
hygge
4. apr. 2017
Grått og trolsk
Grått. Det er ganske beskrivande for korleis det er ute akkurat no. Men endå gråare var det for akkurat ei veke (og ein dag) sidan. Tåka låg tjukk, og sjølv om eg var på veg til jobb, måtte eg berre stoppe opp for å ta eit lite bilete. Trolsk stemning rundt Mosvatnet. Jobbvegen min.
3. apr. 2017
Liten Ullandhaug-tur
Håper alle har hatt ein tipp topp start på den nye veka :) For min del var det ein kort arbeidsdag, eg fekk gjort nokre ærend og då eg kom heim, sat eg ei lita stund ute i sola med ei bok i fanget. Heilt herleg! Onsdag førre veke var me ein tur opp til Ullandhaugtårnet. Stilig å sjå tårnet i ordentleg silhuett med blå himmel og kvite skyar bak! På veg bort og opp til tårnet, såg me som nemnt eit esel med ein liten fole, og dei var så fine begge to. Vel oppe i tårnet, stod me berre og titta utover byen. Framleis litt nakent ute i bakkane og på trea, men eg er no glad i byen vår for det om :)
Merkelapp
tur
2. apr. 2017
Te, kaffi og gode bøker
Roleg sundag her i heimen etter å ha vore på jobb i går og så feira ein 60-årsdag til godt over midnatt. Kort oppsummert har det vore ei grei veke med mykje bra vêr (okei, nokre grå dagar og regn har det vore), lesing, te og kaffi, kjekke dagar på jobb og planleggje meir av Interrail-turen. No i helga var mannen min i Trondheim der han spelte med det nyoppstarta korpset Bjergsted Blåseensemble i NM – dei vann sin divisjon, fyrste gong dei var med! Dei er gode! Full jobbveke i veka som kjem før det blir bryllaupsfeiring på laurdag :) Og her kjem lista for veka som har vore:
✦ fine pastellfargar og like fine mønster på papiret og boka frå Søstrene Grene
✦ alle bidraga i denne månadens Monthly Makers-tema
✦ lesestund for ein barnehage på jobb
✦ så søøøøt, liten kattunge
✦ felle nokre tårer på slutten av ungdomsromanen Hest, hest, tiger, tiger
✦ "La La Land Medley"
✦ klippe håret kortare (slik at eg no er klar for bryllaupsfeiring neste laurdag)
✦ om eit tilfeldig møte som forandra eit liv
✦ kjøpte den ikkje, men måtte ta bilete av den kvite og mosegrønne kanna
✦ ein nydeleg coverversjon av Rent-songen "Without You"
✦ kveldskos med god te og nydeleg dikt av Olav H. Hauge
✦ denne lille illustrasjonen med "litterær kaffi" ;)
✦ og apropos kaffi: eit lite tilbakeblikk på kaffidaten vår førre laurdag hos Wayne's Coffee
✦ vakre fargar i ein fin heim
✦ gå tur opp til Ullandhaugtårnet der me blant anna såg eit esel med ein fole
✦ tenk å ha ein slik bokkatt
✦ så stas at Bjergsted Blåseensemble vann 2.div. i NM Janitsjar
✦ kan alltid draume meg vekk til slike lesekrokar
✦ tinge hotell i Berlin og i Praha
✦ denne saka her: "Bookshop turns classics into clickbait to get people reading"

sundagsliste
1. apr. 2017
Friske fargar på veg til jobb
April er her. På veg til jobb i dag, såg eg desse gule blomane liggje der på ein grøn benk. Eit vakkert syn, og eg smilte for meg sjølv resten av sykkelturen. For gult er kult og grønt er skjønt 🌼🌿
Merkelapp
tur
Abonner på:
Innlegg (Atom)