10. mai 2016

Levert!

Endeleg! I går føremiddag fekk eg levert frå meg masteroppgåva. Ein lang og tung prosess er no ferdig! I alle fall nesten; eg har jo som nemnt ein munnleg eksamen igjen i midten av juni, men det verste er no overstått. Fristen for å levere går ut kl. 14 på torsdag, så eg vil no seie at eg fekk levert i god tid ;) I dag skal eg berre ta det med ro, redigere nokre bilete, lese ute i sola og vere med på litt dugnad med borettslaget før det er jobb igjen i morgon tidleg :) God tysdag, alle fine lesarar!

9. mai 2016

Ein pratsom ven

Sei "hei" til Zalo, den skjønnaste undulaten! Som eg nemnde i gårsdagens blogginnlegg, var me fuglepassarar førre veke, frå tysdag kveld til i går. Mamma og pappa kom innom dagen før dei skulle reise av garde til Florø (konfirmasjon), og Zalo var ganske stille til å byrje med. Men etter som dagane gjekk, blei det meir liv i han (me veit ikkje om det er ein hann eller ho endå), og me blei vekt i helga i halv ni-tida av den finaste kvitrelyden :) Kjekt å ha eit dyr på besøk her i heimen, og eg trur eg snakkar for oss begge når eg seier at me gleder oss allereie til neste gong me ser Zalo igjen!

8. mai 2016

Solskin og siste masterinnspurt

Det har vore over tjue gradar her i helga, noko som det ofte er dei vekene når ein sit med skulearbeid og eksamensførebuingar. Me har klart å presse inn to turar i tillegg til at eg har sykla til jobb kvar dag, så litt solskin har no også me fått kjenne på og oppleve :) Dette har vore den siste veka før innlevering av masteroppgåva, og sjølv om det kjem ein munnleg eksamen i midten av juni, byrjar ein lang prosess å nærme seg slutten. Har ein del fine punkt og kjekke lenkjer på lista:

✦ ferdigstille masteroppgåva
✦ sjekk ut desse bileta av eit miniatyrhus hos Elsa Maria
✦ naile alle fem songane i medleyen i Beat for beat, denne veka med Astrid Lindgren-tema
✦ fine "avskjedsord" frå mine kollegaer (har siste ordinære veke på jobb i veka som kjem)
✦ kombinere gåtur (for min del) og jogging (for hans del) rundt Vannassen i herleg solskin
✦ vere "barnevakt" for Zalo, ein finfin undulat som mamma og pappa skaffa seg førre veke
✦ lese ferdig Et helt halvt år, og du kan tru at eg gret gjennom dei siste tretti sidene
✦ "List Of Fonts Designers Love To Hate" – denne lo eg godt av ;)
✦ få tilbod om jobb ut juni ved hovudbiblioteket
✦ hadde vore kjekt å få gjennomført denne morosame greia på biblioteket
✦ vakre blomar på trea
✦ fine Synne har laga ei herleg, lita liste om forskjellar og likskapar mellom ho og hennar kjæraste
✦ ha ei god veninne på besøk på tysdag kveld
✦ kul illustrasjon av The Battle of Hogwarts
✦ setje av litt tid til å løyse kryssord, han og eg (og også lese i nokre gode bøker som du sikkert ser)

6. mai 2016

Stilig prosjektbag

Her om dagen, det vil seie på måndag, dukka denne fine, lille bagen opp i posten. Ei av mine beste veninner driv denne podcasten og ho er utruleg god på handarbeidsprosjekt som sying og strikking. I ein av episodane tidleg i år viste ho fram nokre fine stoffbitar, og då eg såg dei små, blå blomane, sa eg at eg gjerne kunne tenkje meg ein prosjektbag til framtidige strikke- og hekleprosjekt.


Som sagt, så gjort. Det eg ikkje visste, var at ho hadde tenkt å gi ein slik bag til meg i julegåve, og då ho fann denne stoffbiten med notar på, berre "måtte" ho lage ein med akkurat dette mønsteret på til meg. Så fekk det heller bli nokre små og fine blå blomar oppi bagen ;) Det blei kanskje meir som ei bursdagsgåve enn julegåve om ein tenkjer på årstida, men eg er kjempenøgd med den likevel! Må berre finne eit prosjekt eller to å halde på med, slik at eg får tatt den ordentleg i bruk :)

4. mai 2016

Ein "røvar" frå Azkaban

April var over på ein, to, tre, og nå er mai plutseleg i gong. Månaden for innlevering av oppgåva, månaden for feiring av nasjonaldagen og månaden for vår fyrste bryllaupsdag. Sjølv om denne veka her er stressande med tanke på siste innspurt med masterskriving, trur eg mai kjem til å bli så fin og bra. Ny månad betyr jo også ny side i kalenderen. Denne gongen er det Sirius Black (eller Sirius Svaart på norsk) som er i fokus, sjølvaste "fangen frå Azkaban". Berre ei lita oppdatering herifrå :)

2. mai 2016

Årets fyrste loppemarknad!

Me var innom ein loppemarknad på laurdag, og for min del var dette årets fyrste (om ein ser bort frå vårmarknaden på Tou scene som er meir enn "berre" loppar). Nokre fine møbel, mykje glas, bøker og folk. Fann ikkje noko me umiddelbart trong eller hadde lyst på, men artig var det lell. Okei, han fann nokre bøker, men det tel ikkje sidan han skal ha dei på kontoret på jobben ;)

 
Figurane over var så søte at sjølv om eg ikkje hadde noko ønskje om å ha dei med heim, berre måtte eg ta bilete av dei. Boka i midten fann mannen min, og han meinte at den kunne passa perfekt anten til pappa eller svigerfar som var i marinen ein gong i tida! Måtte le litt av den, ja!


Når ein er på ein loppemarknad eller i ein bruktbutikk, synest i alle fall eg at det ofte er mykje glas og porselen som går igjen. Innimellom finn eg noko fint, men eit heilt servise har me verken plass til eller behov for, så det blei med bilete denne gongen. Me traff også eit par kjente, så sjølv om me ikkje fann noko å dra med heim, var me begge einige om at turen ikkje var heilt borkasta.

1. mai 2016

Heimebakt brød og andre kvardagsgleder

Tenk at april er over allereie og at me i dag skriv 1. mai! Eg synest i alle fall at dei fyrste månadane har gått fort, eigentleg litt for fort. Altså, eg er jo glad for at det snart er tid for å levere oppgåva og bli ferdig med den. Men det er nesten skummelt at tida har gått så fort, for eg skjønner ikkje kva eg har brukt tida mi på anna enn jobb og masterskriving. Nok skribleri. Det har vore ei travel veke, men det er jo slik det er i periodar. Har heldigvis fått slappa av med litt musikk, ein film og ei god bok om kveldane. Me var jo til og med på kino ein kveld :) Nok ein sundag, nok ei liste:

✦ sjå Wes Anderson-filmen The Royal Tenenbaumsfor det var nokre år sidan sist
✦ eg kjenner meg veldig godt igjen i dette innlegget: "Om å være glad i bøker"
✦ sykle til jobb og skule i strålande vêr, høyre fuglane kvitre
✦ kjekt å lese denne boklista hos Ida (når masteren er levert, håper eg å kunne lese like mykje)
✦ lese i boka Et helt halvt år
✦ "35 Cats And Other Cute Animals Winking" – her var det mange søte
✦ gå rundt Vannassen og treffe på to guttar på sykkel med ei sprell levande høne
✦ små reveungar, endå mindre gåsungar og denne katten som passar på sin beste ven
✦ lukta og smaken av nysteikt, heimebakt brød
✦ fine Sandra skriv alltid så bra, og dette innlegget om dei sosiale media er intet unnatak
✦ bra kommentar om integrering og gode lærarar
✦ høyre på den nye songen til Markéta Irglová
✦ le av denne: "Successful Epic Story"
✦ sjå Pyromanen på kino, og eg må berre skryte over rolleprestasjonane
✦ dette kruset ønskjer eg meg til jul :)
✦ ikkje at me er heilt der, men det ser veldig koseleg og praktisk ut å bu i eit såpass lite hus
✦ vere ein tur innom ein loppemarknad
✦ når eg ser desse bileta hos Emily, kan du tru eg lengtar til sommaren
✦ sjå denne videosnutten og syngje med på Circle of Life; mannen min lo fordi eg visste nøyaktig når songen skulle byrje, kva toneart den gjekk i og songteksten ;)