11. mars 2016

Små, vakre glas

Alltid like kjekt å finne noko fint på ein bruktbutikk eller ein loppemarknad. Denne gongen snakkar me Fretex. Som eg nemnde i sundagslista førre veke, fann eg fjorten fine likørglas (eller kva ein no kan kalle dei), sju i ein storleik og sju i ein litt større storleik, for ti kroner pr.stk. Lenge sidan eg har vore så nøgd med eit bruktkjøp! Me fann ut at dei er frå Hadeland, for det står på foten, men det var ikkje like enkelt å finne ut kva serie glasa høyrer til. Fekk litt hjelp frå ein av kollegaene på jobb og fann til slutt ut at serien heiter Merete og er frå 1960-talet. Rett og slett elskar mønsteret, og det var nok det som gjorde at eg fall så fort for dei. Er veldig glad i dei, og dei er allereie tatt i bruk :)

9. mars 2016

Vårmarknad på Tou Scene

I tillegg til å vere ein tur innom Mathallen Stavanger på laurdag, var me også innom Vårmarknaden på Tou Scene (les om ein tidlegare marknad her). På veg inn var det mykje rart å sjå, blant anna eit fargerikt, heimesnikra skilt og morosame, fine og merkelege figurar på mange av bygningane.


Alltid kjekt å sjå på alt det fine folk har laga, alt frå kule, grafiske plakatar til kakefat og smykke. Og så berre måtte eg ta bilete av dette artige taket; alt det ein kan bruke nokre garnnøste til :)


I eit anna rom var det folk som selde gamle klede, servise og mykje anna fint som tidlegare har vore i bruk. Me fann ikkje noko denne gongen, verken blant det gamle eller det nye, men det er alltid kjekt å gå rundt på slike marknader, berre sjå og oppleve stemninga. Gleder meg til neste gong!

7. mars 2016

Mathallen Stavanger

På laurdag var me som nemnt ein tur innom Mathallen Stavanger som ligg i Stavanger Øst. Mathallen opna i september i fjor, men for oss var laurdag den fyrste gongen me var der. Stort er det ikkje, men det er ein fin butikk med mykje god mat og fine råvarer frå diverse lokale bedrifter.


Det kjekkaste, sånn bortsett frå at ein fekk lyst til å kjøpe det meste ein såg, var alle dei fine fargane og detaljane på mange av etikettane. Må seie at den kulaste av dei alle var "Green Aliens". Lo høgt inni meg :) Og ikkje minst marmeladen frå Litlestøl; utruleg gjennomført med den lille stølen som stod inne i hallen. Rug- og speltmjøl, kaffi, noko godt til kaffien og ost blei med oss heim, og ein skal ikkje sjå bort i frå at me tar turen tilbake. Det er jo berre ein liten buss- eller sykkeltur unna :)

6. mars 2016

Gåturar, lesing og kvardagslivet

Så var sundagen nesten over, og ei ny veke er i anmarsj. Dagane flyr av garde og mars er i gong for fullt. Eg veit ikkje om eg liker det, for det betyr at dagen då masteren skal leverast byrjar å nærme med stormskritt. Men eg skal klare det, og snart vil sommaren vere her og eg kan leggje frå meg det som har med skulen å gjere. Denne veka har vore fylt med jobb og oppgåveskriving (som dei førre vekene med andre ord), tur og lesing på senga og ein god del andre fine ting som de kan lese under:

✦ sjå på desse søte kattane inne på Matilda sin blogg
✦ gå tur rundt Vannassen og sjå ein liten vott hengande frå ei grein, ein vott som i mine auge likna på ein kval
✦ er så einig i dette, noko som eg opplevde seinast på bussen i går
✦ marsklosterklokker
✦ gleder meg veldig til å sjå denne miniserien som er basert på Agatha Christie-klassikaren
✦ bra og fin artikkel om det å bruke romarealet for alt det er verdt og ikkje minst alle dei kjekke og stilige bokhyllene
✦ desse utruleg vakre postkorta inspirert Wes Anderson-filmar, via Mariell
✦ finne dei perfekte likørglasa på Fretex, fjorten stk (to forskjellige storleikar) for 140 kr!
✦ "Evolution of the Disney Princess" – kul video med fine songar
✦ stikke innom Mathallen Stavanger og Vårmarknad på Tou Scene
✦ Synne si fine liste med ting som skal skje i mars
✦ lage ferdig små fotolerret og hengje dei opp på veggen
✦ denne om albumet Holding Patterns
✦ sundagstur opp til Ullandhaugtårnet der me delte ein vaffel
✦ Kiss Me Kate med Howard Keel i spissen, og den herlege Bollywoodfilmen English Vinglish
✦ setje av litt tid kvar kveld til å lese litt i ei bok som ikkje er pensum

5. mars 2016

Ny side i kalenderen

Sidan me no skriv mars, er det atter ein gong ei ny side i kalenderen. Denne månaden er det "Han-du-veit" eller "Han-Viss-Namn-Må-Vere-Unemnt" som får vere i fokus. Nesten litt skummel, jo ;) Her har det vore ein fin laurdag så langt med tur til Stavanger Øst, noko småpirk på oppgåva og litt husarbeid medan me har høyrt på musikk. Snart er det taco og ein god, gammal film på tapetet ☺︎

4. mars 2016

Ein solnedgang i mars

Roa har senka seg her i heimen, og no er det helg. Er berre ein liten tur innom for å ønskje alle ei god helg og for å dele desse to bileta eg tok på veg heim frå jobben i går. Ordentleg vakker solnedgang, eit syn eg aldri blir lei av :) Å vente på bussen var plutseleg ikkje så gale likevel!

2. mars 2016

Sandvedparken

Etter øvinga med orkesteret på laurdag, fekk me i oss ein liten matbit før me gjekk oss ein tur i Sandvedparken. Endene, i alle fall nokre av dei, låg så stille, så stille langs den lille elva som renn gjennom parken. På bakken fann eg ei lita fjør med små vassdropar på og på trea brune, store soppar. Var godt å få rørt litt på kroppane våre etter fire timar med speling inne i ei kald kyrkje.


Foreløpig er det mykje brunt og grønt av fargar i naturen, men fint er det jo likevel. Røter som buktar seg langs bakken, elva som renn langs dei mosegrodde steinane og ikkje minst snøklokker, det aller finaste og vakraste vårteiknet av dei alle. Eg blir så glad og får aldri nok av det synet!


Til slutt vil eg vise andre rare ting ein kan finne når ein går omkring i ein park, nemleg kakemenn på ein benk, den eine meir oppspist enn den andre, og ei glasflaske som nærmast var grodd inn i mosen og barken på eit tre. Mykje rart å sjå om ein berre bruker auga ;) Herleg tur i ein kjekk park!