12. apr. 2015

Busstur og ein liten gåtur

Å sitje på buss fire timar ein laurdag, to timar på veg bort og to timar heim igjen, er eigentleg ikkje så "himla gale". For når setet i bussen er over gjennomsnittet bra, selskapet ved sidan av meg er det beste og ein er på veg for å treffe fine folk, så går turen ganske fort. Me var nemleg på ein liten dagstur til og frå Haugesund i går, og det heile var veldig kjekt og ordentleg koseleg :) Veka etter påska har gått fort, og i morgon får eg utlevert oppgåve to av to i det eine emnet som eg tar denne våren. Og på onsdag skal eg levere eit utkast til eksamensoppgåva i det andre emnet. Eg veit at med både oppgåveskriving, litt jobbing og planlegging, kjem vekene fram mot bryllaupet til å gå så altfor, altfor fort. Men eg har no hatt tid til å lage ei sundagsliste også denne veka:

✦ pinseliljer midt i ei rundkøyring
✦ om gjenbrukgsgåver, og Julianne skriv så himla bra om det å bu på ein ny plass; eg kjenner meg sånn igjen!
✦ vere ute ein tur på Cardinalen med eit venepar av oss og forlovaren min
✦ ein perfekt måte å organisere kontoret på hos Sandra
✦ Haugesundstur for å besøke noko av slekta til kjærasten min, og då også snakke med toastmasteren vår som er ein onkel av min betre halvdel :)
✦ å sjå både fasan og hegre på veg heim frå skulen med få minuttars mellomrom
✦ desse bruktbutikkane som Ina skriv om, må eg berre få til å besøke neste gong eg er i Oslo
✦ finne den perfekte kjolen til forlovaren min
✦ kjempefine idéar til korleis ein kan bruke akvarellfargar i eit bryllaup, og om dette paret som fann tilbake til kvarandre igjen
✦ gå sundagstur der me blant anna helsa på nokre esel
✦ kanskje må eg sjå denne filmen som Synne anbefaler?! :)
✦ at Mad Men er i gong med siste del av siste sesong
✦ "Nei, dette er ikke en kameleon" og ein liten video med fleire Glee-songar

10. apr. 2015

Tilbake til fjellet

Sit her med pensumbøkene foran meg og oppgåvedokumentet på dataen. Det er snart helg, og det merker eg på effektiviteten og motivasjonen. Var på ei kjekk og interessant forelesning på onsdag, men det å sitje og skulle produsere noko sjølv, skrive "noko vettugt", er ikkje det aller enklaste, og særskilt enkelt er det ikkje no når helga snart er her. Får jo mykje heller lyst til å dra opp til hytta, oppleve den vakre månen og ein fin solnedgang, "snømann" ute på terrassen og generelt god påskestemning. Ja, ja. Berre eit år til neste gong ;) I morgon drar me på ein dagstur til Haugesund for å treffe nokre slektningar på hans side. Trur det kjem til å bli ein kjekk og fin laurdag :)

8. apr. 2015

Glimt frå vår påske

Nokre små glimt frå påska vår, inne i hytta. Fyrst ut er finaste Milo, den mest fotogene hunden eg veit om :) Me hadde ein gresk appelsinrett som dessert den eine dagen, og pappa skulle vise at han kunne brette plastposar slik at dei tar minst mogleg plass i skapet eller i skuffa. Fine, gule påskelys og Milo igjen, denne gongen ganske så trøytt. Kortspel og pynt på bordet. Og til slutt: vannbakkels og presskannekaffi den eine dagen, sjarmerande kake den andre. Det er ikkje så lett å stelle i stand ei ordentleg bursdagskake oppe på hytta, og når det i tillegg er fyrste gong ein prøver å dekorere med sukkerpasta (fondant) og pastafarge, ja, då blir det slik som det blir ;) God var den i alle fall!

6. apr. 2015

På påsketur i sol og snø

Sola var framme kvar dag då me var på hytta, og når det er så fint vêr, går det jo ikkje an å sitje stille heile vegen. Både torsdag og laurdag var me ute på tur ikkje så langt unna hytta; på torsdag berre han og eg, og på laurdag blei me fire stk. Då me gjekk tur på torsdag, gjekk me fyrst til ei demning og over den. Ein god del med snø overalt, så sjølv om me følgde turskiltet, var det ikkje lett å finne stien. Me gjekk og gjekk, klatra over eit gjerde, gjekk over ei lita myr, men til slutt traff me på nokre andre turgåarar og fann også stien. Det einaste var at stien førte oss mykje lengre bort frå hytta enn det med trudde, så turen blei litt lang. Men herleg var det! På laurdagen gjekk me ein annan sti der me blant anna såg ei lita seter og is på vatnet. Og snøen var heldigvis ikkje så djup at me trengte å bruke ski, noko som passa meg perfekt :) Å vere på hytta i påska, er det aller beste!

5. apr. 2015

Påskekos og bursdagsfeiring :)

Plutseleg er påska nesten over. Me er no komme heim etter nokre herlege dagar på hytta med gåturar i skog og mark, kaffi, pensumlesing og radio ute i solsteika, påskegodt, brettspel, krimbøker, latter, glede, "Påskelabyrinten" og mykje, mykje quiz. Og eit lita bursdagsfeiring, for i dag blei eg heile tjuefem år, eg er halvvegs til femti! ;) Fekk nokre fine gåver og bursdagskort, ei god, sjarmerande og mektig kake og mange kjekke bursdagshelsingar! I morgon, sakte, men sikkert, byrjar kvardagen igjen. Påska har vore så fin som den kunne bli, men det er noko med å komme i gong med kvardagen etter nokre fridagar. Ei lita og fin sundagsliste på tampen av påska:

✦ gå på ordentleg oppdagingstur i området rundt hytta på skjærtorsdag
✦ videoar hos Jonna som verkeleg gir meg gåsehud: denne og denne
✦ sitje oppe til godt over midnatt berre fordi det er slik det er å ha ferie
✦ nyte sola ute på terrassen, akkurat slik påska skal vere
✦ dette ekornet, den skjønnaste kaninen og ein rar, men himla søt skapning
✦ quiz, quiz og endå meir quiz
✦ få besøk av ei veninne på hytta saman med blant anna denne hunden
✦ "10 saker man kan göra när man har tråkigt" – ei ordentleg bra liste
✦ lese ein "heil haug" med krimbøker
✦ liten videosnutt med ein fin, liten nashornunge, dyr med små hjartemerke og kattedyrungar
✦ nyte sola ute på terrassen med kaffi og Popquiz
✦ bursdagssong frå familien og ein bursdagssong på telefon frå svoger, svigerinne og dei fine tanteungane :)
✦ den nydelegaste katten hos Jessica
✦ å kjenne at litt snø rundt hytta berre gav meg endå meir påskestemning
✦ ha tid til å vere saman med familien og kjærasten min, sånn utan internett, TV eller andre forstyrringar. Hyttepåske er det aller beste!

3. apr. 2015

"...hold on to that feelin'"




To veker sidan Glee sende sin aller siste episode. Den øvste videoen er songen som slutta det heile, den nedste den som byrja det heile for seks år sidan. Ville berre dele desse to songane med dykk, to songar med så mykje liv! Og ja, innlegget er forhandspublisert, for i augneblinken er me på hytta :)

1. apr. 2015

Krim høyrer påska til

Så klart må eg ha med meg nokre krimbøker når me fyk opp til fjellet om nokre timar. Lånte tre pocketbøker med "ekte påskekrim" på biblioteket i byen på måndag, og frå før så har eg lånt den nyaste boka til Camilla Läckberg, nemleg Løvetemmeren. Har ikkje byrja på den enno nettopp fordi eg ville spare den til påska :) I tillegg tar eg med meg den sjette boka i Harry Potter-serien, så får me sjå kor langt eg kjem. Blir nok litt skulearbeid og bryllaupsplanlegging også. God påske! :D