27. mars 2013

"No ser eg atter slike fjell og dalar..."

Dagane her på Sunnmøre går så altfor fort. Ute snør det. I morgon tidleg, før klokka slår seks, er me på veg til flyplassen for å ta flyet til Sola. Om under eit døgn er eg plutseleg heime. Det blir veldig fint, men eg kunne godt å ha vore her litt lenger. For sjølv om det no snør, har me hatt nokre fine dagar, omgitt av vakre fjell, omgitt av Sunnmørsalpane. Påskeroa har senka seg, så eg kunne fint ha hatt nokre dagar til her berre for å slappe av, lese litt, sjå på utsikta... Men eg gleder meg jo til å ha nokre dagar i hytta vår på fjellet saman med familien min. Det er eit eller anna med hytte, fjell og påske som heng i hop. Utanom å lese og slappe av, var me ute på Moa i går der me fekk unnagjort nokre ærend. Utpå kvelden var me bortom nabogarden for å helse på ein barndomskompis av kjærasten min og familien til denne kompisen. Veldig koseleg å treffe dei! I morgon, omtrent på denne tida, er me atter ein gong vel plassert oppe på fjellet i "Ørneredet".

25. mars 2013

Påskevêr

Når du møter ei eldre dame på rundt nitti år som gratulerer deg med trulovinga fordi ho har sett bilete av oss i lokalavisa, jepp, akkurat det opplevde me i går då me var ute og gjekk tur i det fantastiske vêret. Her i bygda veit dei aller fleste kven som er kven. Men eg syntest det var kjempekoseleg og veldig hyggeleg å få ei slik gratulasjonshelsing! Dagen i går gjekk med til å gå ein tur rundt om i nabolaget, me fekk begge to jobba litt med skulearbeid, og utpå kvelden blei det fullt hus her. Kjempekjekt å sjå att broren og svigerinna til han fine; det var ei stund sidan sist. Me satt lenge og spelte "Bezzerwizzer", og det blei nokre høglydte diskusjonar rundt bordet ;) Artig var det i alle fall. I dag skrudde me på radioen klokka ti for å høyre fyrste sending (for i år) med programmet "Påskelabyrinten". For min del er det eit fast innslag i påska, og eg har mange gode minne om det programmet frå påskene som me ofte feira ute på tante og onkel si hytte på Kråkerøy. Herleg med fint vêr, brettspel og gode folk – påska er i gong.

23. mars 2013

På reisefot

No er me på Sjøholt. Her skin sola, det er vindstille, med andre ord noko heilt anna enn kva vêret har vore på Sørlandet den siste tida. Så fantastisk herleg! Det blei ein lang dag i går, noko som innebar at me var på reisefot i heile tolv timar og vel så det. Turen starta då me tok bussen til byen klokka halv åtte om morgonen, for så å ta bussen til Oslo. Det blei til saman buss, buss, (fly)tog, fly, buss og buss. Så ja, det var absolutt ein lang dag i går. Men me hadde nokre timar å slå i hel på Gardermoen der me blant anna åt litt varm lunsj (eller middag, alt etter som) og drakk ein god kopp med kaffe. Fekk til og med lese litt på den norrøne grammatikken før me måtte gå om bord i flyet. Kom fram klokka åtte i går kveld, og i dag har me berre tatt det med ro. Sov lenge, høyrde på "Popquiz" på radioen før me åt frukost, var ein tur på butikken og elles har me ikkje gjort noko særskilt. Skal lese litt no, og seinere i kveld skal me lage pizza til alle her i huset (fem stk.). I morgon kjem broren og svigerinna til kjærasten min hit, så då blir det omtrent fullt hus her. Koseleg :)

21. mars 2013

God påske!

Siste skuledag før påskeferien er over, og i morgon reiser me til Oslo der me skal ta flyet vidare til Vigra, Ålesund. Som nemnt før så skal me vere hos foreldra hans på Sjøholt fram til skjærtorsdag. På skjærtorsdag landar me på Sola, og me rekk nok å ta ein tur opp til hytta og familien min før me reiser tilbake til Kr.sand andre påskedag. Eg gleder meg, og sjølv om det blir litt jobbing med skulearbeid, har eg lånt et par andre bøker, deriblant krim, som eg skal kose meg med :) For meg er påska krim, brettspel, quiz, "Påskelabyrinten" på radio, hyttetur og mange gode samtalar. Eg trur dette blir ei fin påske, eg :) På skulen i går hadde me to timar med oppsummering av den norrøne grammatikken og utruleg nok blei eg litt klokare (og bittelitt meir motivert til å jobbe med stoffet). I dag var det fire timar der me lærte endå meir om norske dialektar og trekk ved desse. Åt god middag på skulen, var ein tur innom jobb, og no driv me og pakkar kofferten og sekkane våre. For to dagar sidan kom det eit lite postkort til meg i postkassa. Kjempekoseleg å få ei lita helsing sånn no rett før påska (elles også så klart). Tusen, tusen takk til tanta mi! No gjeld det berre for meg å seie...god påske, alle saman!

19. mars 2013

Korpskonsert

Påska nærmar seg og det er så utruleg glad for! Merkar at eg treng litt pause, pause frå forelesningar der me ofte har dårleg tid. Me les eit dikt og skal skjønne det på anten ti minutt, noko som er for lite, eller så bruker me halvannan time på eit dikt me eigentleg var ferdig med for to veker sidan. Ein skal faktisk skjønne det som blir sagt, fordøye det. Det same gjeld den norrøne grammatikken; det er så altfor mykje som skal inn i hjernen på så altfor kort tid. Eg har lyst til å lære, lyst til å forstå, men når ikkje kommunikasjonen mellom studentane og læraren fungerer, er det ikkje like enkelt. Men eg har i alle fall lagt ein liten plan for lesinga i påska, så som de skjønner, blir det ikkje berre krim på meg i år ;) For min del, når eg har slike dagar som er litt tyngre enn andre, prøver eg å tenkje på noko anna, til dømes at det snart er ferie. Og så kan eg draume meg vekk ved å sjå på klede på nettet, som denne peplumtoppen (eg har jo åremålsdag snart, hint, hint). Eller sjå på gamle klede, klede frå ei anna tid, som ein ofte finn på Fretex, eller som kjolen på biletet som eg såg på Shalam brukthandel her i byen. I kveld, klokka seks, skal me i Agder Brass ha konsert saman med Randesund Skolemusikk ute på Dvergsnes skole. Ta gjerne turen innom! Vel, berre ei lita oppdatering herifrå :)

17. mars 2013

Det er kaldt ute. Snøen ligg på bakken, den er på trea, den er overalt. Men den gjer det jo lysare ute, bileta blir klarare enn å ta dei inne i eit vanleg rom. Difor tok me turen ut, trass i kulda, for å ta bilete. Ringen hans kom nemleg i går, så no har me begge to "ring på fing". Dei passar så fint saman, akkurat som oss to, som Fantomet og Sala Palmer eller som Lady og Landstrykaren ♥

16. mars 2013

SNØ!

Eg lærer aldri! No som eg faktisk, sånn heilt på ordentleg, trudde at våren var komme for å bli, byrjar det å lave ned med kvite dottar frå himmelen. Eg er så himla lei den kvite massen som berre skaper kaos og kulde! Men når det er sagt, har eg elles hatt ei veldig fin veke der eg har lært mykje om dansk, og med flinke forelesarar, gjekk det overraskande greitt å forstå det som blei sagt. Skulle gjerne hatt fleire av slike forelesarar, dei som verkeleg gir av seg sjølv, får oss studentar med og skaper engasjement. For min del kunne me godt ha hatt endå ei veke med dansk :) Trass i at snøen kom i går, blei det ein fin dag fordi eg hadde ein avtale med to av mine beste veninner her i byen. Det var altfor lenge sidan sist at me alle tre hadde vore med kvarandre, så difor var det ekstra kjekt å ha ein heil kveld på oss til å lage god mat, slappe av og berre snakke om alt mellom himmel og jord. Ein treng ein slik jentekveld i ny og ne. Denne helga her kjem til å bli roleg med litt lesing (både pensum og ikkje-pensum), får besøk av ei anna veninne i kveld og det er vel eigentleg det... Og for de som lurer: ja, det var verkeleg så grått ute i går som det de ser på biletet!