6. juli 2025

Blåmåndag, men heldigvis også andre og betre saker







Måndag var ein ordentleg blåmåndag med ting som ikkje gjekk heilt etter planen før jobb, og på jobb var bankterminalane ustabile i nesten seks timar. Akkurat som om me ikkje hadde nok å gjere med alle varene som kom og små utstillingar me skulle fikse. Og det er jo berre slik det er av og til, men noko kjekt var det ikkje. Det som var kjekt, var å stikke til Sola på tysdagskveld og ete pizza (nok ein gong) og spele eit morosamt spel med fine folk. Sykling til og frå jobb har gjort godt, eg har lese eit par gode bøker, dagen i går var ein roleg dag, noko eg verkeleg trong, og snart er det ferie. Seinare i dag skal me ut på ein liten utflukt, difor kjem sundagslista noko tidlegare enn vanleg:
 
veldig fint å gjenlese Tove Janssons Sommerboken
kveldslyset på gjesterommet for eit par dagar sidan 
ja, takk til fleire slike fargar på husa rundt omkring
laurdagstaco og bra film
"Top 20 Movies Scenes With The PERFECT Music" – eg byrje å nynne på nr. 1 rett før den kom
ete knallgode porsjonspizza saman med familien tysdagskveld
og etterpå spele "Hitster", det spelet er stadig like morosamt!
svaneungane ved Mosvatnet 
høyre "I Know Him So Well" frå Chess då me køyrde til Sola
lille Olive som skal lære high five er så nusseleg
var ikkje alt eg synest var like bra, men samstundes kjekt å lese kosekrimboka Mord i bokhandelen
skuggespel på to hjul langs eit lite vatn
ordentleg blomegjerde
og blomar i taket på senteret lyser opp kva dag som helst 
blir aldri lei av å sjå denne versjonen av Queens "Don't Stop Me Now"
kjekt å setje ut bøkene til Ann Cleeves i engelskhylla på jobb
sjå eit rådyr berre eit par meter foran meg då eg sykla heim på fredag
å, hallo, sjå på desse utruleg søte piggsvina
strikkestunder medan eg såg på Mysteria i Brokenwood (å, den serien er så herleg overdriven)
få på plass det meste til ferien, får berre håpe me ikkje gaper over for mykje, tihi ;)
innmari gøy å lese klassikaren Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams

Legg igjen ein fin tanke