13. juli 2025

Ganske godt og blanda






Sit her i stova og prøver å senke skuldrene. Ferien har så vidt byrja, men det tar alltid litt tid før ein klarer å slappe av. Om ikkje anna så starta me veka roleg med å vakne opp i ei lita hobbithytte. Å, eg vil tilbake dit no med ein gong! Sjølv om jobbdagane var greie nok dei, kjente eg at energien ikkje var heilt på topp og det gjorde veldig godt å sykle heim fredagsettermiddag og vite at no er det fri. Me var også ute med syklane i går, og det var kjekt å sykle bort til Hafrsfjord ein tur på den nye sykkelstamvegen og via Madla på veg heim. Kuleis på deling ved "Sverd i fjell" takka ingen av oss nei til, tihi! Dagen er nesten slutt, så...hei, hå, hei, hå, til sundagslista skal me gå:
 
bok nr. sju i serien om dei sløve hestane, Slough House, var ei bra og kjekk leseoppleving
dianthus barbatus med store vassdropar på
å, så utruleg vakre dei var, dei blomane me såg langs sykkelstamvegen i går
hobbithola, eller hytta eller minihuset, me slappa verkeleg av der
høyre på det nyaste albumet frå The Swell Season 
morgonkaffi med utsikt
og ein kaffi på kvar og kake på deling på Ryfylke bakeri på Tau på veg heim frå Hjelmeland 
heimelaga pesto
to små kattar og to like små geiter som hoppar rundt på Sunflower Farm
kuleis på deling medan me sat i skuggen i går, rett ved "Sverd i fjell", som ein sykkelturpause
litt på spissen, men likevel mykje gjenkjenneleg i denne saka om kundeservicebransjen 
bringe(bær)brus frå Vaagavatn på Stord
likte kanskje omslaget betre enn sjølve boka, men The Story Collector var no ei grei bok lell
mykje bra å finne hos Apal Sideri på Hjelmeland
blir aldri lei av å sjå ein videosnutt av mini-Haru
alle dei små blomane ute no
helse på ein fin katt då eg gjekk til jobb
kjole som matha skoa på jobb
to nye vloggar frå Miranda: ein om Austen-inspirerte bøker og ein med ekte sommarstemning
gårsdagens kveldshimmel over naboblokka
balkonlesing fleire gongar dei siste dagane
miniserien Going Postal basert på boka av Terry Pratchett
og gøy å lese nettopp Pratchetts The Amazing Maurice and His Educated Rodents

Legg igjen ein fin tanke