I Årdal i Hjelmeland kommune. Ferien har ikkje byrja heilt enno, men sidan eg hadde fri i går, drog me som nemnt av garde på ein liten utflukt sundag. Me overnatta på ein kjempefin plass – meir om det kjem – og på veg heim i går, tok me ein liten luftetur i Eventyrskogen. Vêret var ikkje det aller beste, regnet byrja å dette ned akkurat då me hadde komme oss inn på stien, men slik er det no om sommaren. Eventyrskogen er full av treskulpturar, laga av Eldfinn Austigard, som bur i Årdal.
Ole Brumm og venane hans, nøkken, figurane frå eventyret om pannekaka og fleire andre kjente og ukjente karakterar frå eventyr, fantasi og mytar. Mykje å sjå og få auge på medan me gjekk den oppmerka ruta inne i skogen. Skulpturane har vore gjennom både flom og hærverk, og med det forandringar opp gjennom åra, trass dette er det framleis ei unik stemning i akkurat denne skogen.
Så klart må ein jo ha med dei tre bukkane bruse i ein ekte eventyrskog. Og den nyaste skulpturen er ikkje henta frå fantasien, men frå røynda: Karen Kyllesø frå (nettopp) Årdal blei tidleg i år tidenes yngste som har gått aleine til Sydpolen! Ved parkeringa helste me på nokre nysgjerrige sauar før me tørka av oss skoa så godt me kunne og køyrde vidare på veg til Tau og til slutt Stavanger.



Legg igjen ein fin tanke