9. feb. 2025

Mysterie, morgonhimmel og madlalove






Med forkjøling i hus, har helga blitt litt amputert, det skal eg ærleg innrømme. Sola skin inn i leilegheita som berre det, så eg skulle så gjerne ha vore ute ein tur i den friske lufta. Kryssar fingrane for at me få fleire slike februardagar. Om ikkje anna gjekk eg til jobb begge dagane eg hadde kveldsvakt, og ein av dagane var det så å seie berre kjekke kundar innom. Mykje å prise fram mot Mammut-salet som startar om ei veke, bøkene kjem i eske etter eske etter eske. Samstundes har det vore gyllen himmel, mange lesestundar og sjølv om me ikkje er heilt i toppform, gleder eg meg til å oppleve Linda Eide språksjov med Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø i Sandnes i kveld. Før det, blir det taco med familien på Sola. Og før det igjen: ei sundagsliste, nokså tidleg denne gongen:

✦ Miss Marple er alltid ein klassikar, og denne månaden las eg Tretten mysterier
✦ litt av ein soloppgang, berre ein av mange i det siste 
✦ byrje å byggje LEGO-blomar som eg fekk til jul av mannen min
✦ trur det blir bra med tacomiddag på Sola og sidan språksjov i Sandnes kulturhus i kveld
✦ hallepalle, denne trioen med ein liten og to større hundar er berre heilskjønn!
✦ rosa skyer og ein klar måne om ettermiddagen rett etter jobb
✦ fleire snøklokker!
✦ fikse klede
✦ senterleiinga som kom innom med Love Hearts, for det er jo noko som heiter "madlalove"
✦ "Top 10 Most Creative Classic Dance Scenes" – så klart med både Gene Kelly og Fred Astaire
✦ så klart må eg jo lese resten av bøkene i serien, og Reisen til det ytterste hav er ei av dei betre
✦ sjekk ut dei søte korta til mors- og valentinsdagen
✦ surdeigspizza i går og surdeigsbrød i dag, begge delar heimelaga
✦ litt av ein nøkkel som eg såg medan eg traska til jobb
✦ å sitje ved eit vindauge og berre lese, så mange flotte bilete i denne Instagram-posten
✦ sjå dei aller fyrste Poirot-episodene, veldig lenge sidan sist
✦ og ein gyllen kveldshimmel då eg tok bussen heim frå jobb ein annan dag
✦ supernøgd med lua som eg strikka i restegarn
✦ høyre Ina Svenningdal på "Min favoritmusikk", for her var det songar frå musikalen Once
✦ las også nyleg ut Sølvstolen
✦ solskinet dei aller fleste dagane denne veka
✦ strikke eit par omgangar om kveldane

Legg igjen ein fin tanke