På måndag opna årets Mammut-sal, og dagane denne vekr har vore travle med mange kundar som har vore innom for å sikre seg eit par godbitar (og eg må vel svare "ja", eg har funne eit par kjekke bøker eg også, hysj). Om berre to veker, er det konsert med orkestere, noko ein kan høyre på øvingane, for no sit stykket mykje betre. I går plaska det verkeleg ned ute, men dei aller fleste dagane har vore fine, eg har gått til jobb med ull frå topp til tå og smilt fordi sola skein. Helga starta med kinobesøk, det har blitt eit museumsbesøk og i dag var det den store lesedagen. Fekk vore ute på ein liten gåtur også, for trass mykje vind, var det sol og ganske så fint ute. Korleis har di veke vore? Om litt er det måndag igjen, og eg legg som vanleg ut ei sånn ei liste slik eg ofte gjer:
✦ Thomas Korsgaard har gjort det igjen, og novellesamlinga Snytt ut av nesa er så vond, sår og bra
✦ så vidt byrje å lage fotobok frå fjorårets interrailtur
✦ blad fulle av små iskrystallar
✦ alltid koseleg å treffe kjentfolk når eg er på jobb, og det skjedde faktisk to gongar denne veka
✦ sjå A Complete Unknown på kino med fine folk, og denne gongen unnte me oss popcorn ✦ fire små pusetassar som klatrar på ein stor hund
✦ årets fyrste snøklokker i hus
✦ heimelaga surdeigspizza
✦ å, så flott solnedgangen over naboblokka var i går kveld
✦ Kariane Bradleys bok Ministeriet for tid er ei heilt eiga leseoppleving
✦ David Tennant som syng "I'm Gonna Be (500 Miles)" som vert under årets Bafta-utdeling
✦ og snøklokkene ute ved Lervig då me gjekk tur i dag, så mange av dei i solskinet!
✦ liten selfie i sola medan eg gjekk til jobb måndagsformiddag
✦ koseleg å sjå eit par av dei eldste Poirot-episodane med mannen min
✦ ha på meg ein favorittkjole og burgunderraud strømpebukse
✦ hjelpe nokre franske turistar å få tak i ei bok i Kopervik, ein biltur på omtrent to timar ein veg!
✦ tihi, må le litt av denne kattungen som prøver å vekke Bailey
✦ lesing og morgonsola på bussen på veg til jobb
✦ lange skuggar langs Mosvatnet
✦ våre to flotte vinterkrus frå Sara Miller London
✦ artige skulpturar på Stavanger kunstmuseum
✦ lese The Business Casual av B. K. Borison, den siste boka i ein heilt herleg serie
Legg igjen ein fin tanke