Med tanke på at Stavanger kunstmuseum berre ligg eit steinkast unna oss, burde me absolutt ha vore der oftare. Då regnet bøtta ned som verst på laurdag, sykla me bort til museet i fullt regntøy. Utstillinga Moko Moko Club av den japanske kunstnaren Misaki Kawai, står berre ut denne veka, så det var på tide å ta oss ein tur viss me ville få med oss akkurat den. Gøy å møte dei leikne skulpturane som ein kunne børste, klappe og ta på, ja, i det heile ei fargerik, interaktiv utstilling.
Nyleg, det vil seie dagen før me var der, opna det ei ny utstilling: "Drøm og virkelighet" med måleri og bilete av Lars Hertervig (1830-1902) og Carl Fredrik Hill (1849-1911). I deira eiga samtid, blei dei begge sett ned på, dei sleit med psykisk sjukdom og levde etter kvart nokså isolerte og brukte dei materiala dei hadde for hand, mellom anna sigarettpapir. Dei to øvste måleria er av Hertervig medan dei nedste er av Hill. Lyset i Hertervig sitt måleri og ikkje minst penselstrøka på treet i det same måleriet, eg stod stille ei stund og berre såg. Også lyset i det eine måleriet til Hill, fanga blikket, og sjølv om eg ikkje er kunstekspert, var det fascinerande å sjå stilforandringa på dei forskjellige verka alt etter når dei var måla. I kaféen åt me ein liten lunsj, drakk kaffi og delte eit kakestykke. Måtte også sjå litt i museumsbutikken før me tok på oss regntøyet og sykla heim.
Legg igjen ein fin tanke