29. juli 2024

Fyrste etappe på årets interrailtur




Rart med det: to veker på farten går veldig fort. Me har nemleg vore på togtur og kom heim utpå kvelden i går. Reiseruta var Stavanger-Oslo-Kiel-Utrecht-London-Alton-Cambridge. Så tok me den same ruta heim, minus Utrecht (altså så direkte som det går an med tog mellom London og Kiel). Bileta er mange, og som vanleg vil det ta tid å gå gjennom dei, men forhåpentleg kjem eg til å leggje dei ut her litt etter litt. Kva var det kjekkaste med årets interrailtur? Oi, det er vanskeleg å velje, men musikalar og litterære stopp er alltid noko eg smiler av ;) Sundag 14. juli gjekk fyrste etappe. Tog frå Stavanger til Kongsberg, buss for tog vidare til Oslo og sidan ei overnatting på Langhus. Toget var forsinka med godt over ein halvtime frå Stavanger og det var litt grått ute, likevel var det ein fin tur lansg togskjenene. Og ei god bok og litt varm kaffi løftar alltid ein grå dag, også på toget.

Refleksjonar i eit blikkstille vatn. Vatnet som rann kvitt i eit stryk, med eit hint av blå himmel. Det var ikkje berre gråvêr, i alle fall ikkje då me kom lengre aust. For å komme oss vidare ned på kontinentet, hadde me tinga lugar på ferja som går mellom Oslo og Kiel. Avgang frå Oslo er kl. 14 dei fleste dagar, og dimed måtte me ha ei overnatting sidan toget ikkje var framme før nærmare halv åtte. Svogerfamilien bur jo på Langhus, berre ein liten togtur frå Oslo S. Denne gongen var det berre ho eldste niesa vår som var heime, men det var uansett koseleg å treffe ho. Tinga enkel mat, slappa av, såg EM-finalen (fotball for menn) og fekk klappe både Mika og Camilla. Ein bra fyrste reisedag!

Legg igjen ein fin tanke