30. juni 2024

Sosiale dagar med fine folk




Eigentleg ei ganske sosial veke denne gongen med både gåtur x2, bursdagsfeiring og helgefrukost i lag med gode venar. Puh, eg skal ærleg innrømme at eg kjenner det litt i mitt introverte hjarte i dag, men samstundes har det berre vore kjekke ting som eg smiler av no i kveld. Når det gjeld vêret, har det vore både-og, noko me merkar i butikken: når det regnar, er det fleire folk innom butikken enn når sola skin. Torsdag var det både REKO-ring og bursdagsfeiring, for broremann hadde bursdag. Me grilla ute på Sola i lag med familien, prata, lo og så klart blei det nokre gåver å pakke opp. På fredagskveld, fekk eg ei melding frå ei veninne om me ville komme bort på frukost og quiz dagen etterpå. Og det ville me jo, trur det var rekord på antal poeng på quizen i Dag og Tid ;) I dag har det både blitt tid til ein god tur og ein del avslapping. Tenkjer eg har skrive nok for i dag:
 
debutromanen til Elizabeth Strout, Amy og Isabelle, er no ute på norsk
etter bursdagsgrilling, gjekk me inn og koste oss med kake, heimelaga is, kaffi og jordbær
blir gøy når Richard Osman kjem med ein ny krimserie, Vi løser mord, til hausten
laurdagstaco og Beetlejuice frå 1988, artig å vite at det kjem ein oppfølgjar i september 
superkoseleg å ete frukost i går med eit venepar og sidan lese Dag og Tid-quizen høgt
Mirandas vlog om finaste Pride and Prejudice, kjekt å høyre på medan eg fiksar bilete
kule handlenett for alle bibliofilar (vanskeleg å velje berre eit!)
svanefamilien rundt Mosvatnet, veldig koseleg å gå rundt vatnet med ei god veninne
gule blomar som vekker barndomsminne
kattegjengen med Bami og Dami i spissen er så søte og artige å følgje
alle sauane me såg de me gjekk ute på Reianes i dag
bok fem i serien om Anne Shirley, Anne's House of Dreams, nok ei koseleg bok frå PEI
okei, her om dagen såg eg den stiligaste bilen på Mosvangen camping
ein kunde som sa at eg var veldig serviceinnstilt
høyre kulaste "One Night in Bangkok" med Murray Head frå Chess då me køyrde heim frå Sola
sykle langs jobbvegen min medan sola laga lange skuggar
litt underfundig bok av Daniel Kehlmann om den austerrikske regissøren Georg Wilhelm Pabst
Jonathan Groffs si takketale då han nyleg vann sin fyrste Tony-pris, og eg kjenner tårene komme
finne bøker å ha på lesebrettet til ferien vår
Richmans Den lange reisen var ei passe trist, fin og rørande bok om tida etter Vietnamkrigen
møte ei anna god veninne i butikken og ha tid til å slå av ein liten prat med ho

Legg igjen ein fin tanke