Her om dagen gjekk me ein snartur opp til Vålandstårnet. Ikkje like bra utsikt som oppe ved
Ullandhaugtårnet (som kan sjåast på det siste biletet opplyst av julelys), men ganske bra utsikt er det likevel. Så fint å stå der oppe og sjå utover byen, sjå alle dei fine lysa så lang auget rekk. Eg har enno ein god del å lære når det gjeld å ta bilete ute i bekmørket, men eg måtte berre prøve likevel :) Om ikkje mange timane er det jobb, og i morgon er det helg og julekakebaking!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Mørketiden er så utrolig fin når man kan lyse den opp på den måten! Fine bilder! :)
Kjenner at mørketida og generelt denne årstida ikkje er mine favorittar, men det er jo som du seier at med lys som dette, blir det på eit eller anna vis ganske fint likevel! :) Tusen takk for kjekk kommentar! :)
Legg igjen ein fin tanke