2. des. 2015

Kalendertre

Fann dette kalendertreet hos Kremmerhuset på laurdag, og sidan det var på tilbod til godt under halv pris, blei det med oss heim. Kan jo bruke det år etter år, med små gåver eller lappar, og når treet er tomt 24.desember, er det likevel veldig fint som julepynt. Også i år har me pakkekalender, men eg har no prøvd å ikkje kjøpe altfor mykje stæsj som berre blir liggjande. Me opnar ei lita gåve annan kvar dag, og der han fekk eit kalenderlys i går, fekk eg litt julekaffi i dag. Han har i tillegg vore så kreativ med å henge på små lappar. I dag stod det "Førjulskos til oss begge" på lappen. Skulle vel eigentleg ha gjort det same på hans gåver, men kanskje hugsar eg det til neste år ;)

6 kommentarer:

Ida sa...

Det var kjempefint! Og liker at dere har pakket inn i avispapir!

Silje sa...

Avispapir er heilt genialt å pakke inn slike gåver med :) Og så sparar ein miljøet i tillegg!

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så fint kalendertre! Det er jo litt kos med kalender selv om man liksom er "voksen" :D

Silje sa...

Har ikkje heilt klart å slutte med kalendertradisjonen sjølv om me begge to er "godt vaksne". Det er rett og slett ein del av førjulskosen ;)

Sandra sa...

Supergulligt kalenderträ ju!

Silje sa...

Vet ikke om vi egentlig trengte den, men den er jo så stilig og fint! Og så kan man jo bruke den år etter år, både som kalender og som julepynt :D