13. des. 2015

Midtvegs i desember




Plutseleg er tredje sundag i advent snart over. Kort oppsummert har eg denne veka brukt ein god del tid på transkripsjon, julegåveshopping, høyrt på julemusikk, og også ein del tid på måling av soverommet. Og no er me endeleg ferdig med den biten (berre senga igjen...). Ute har det for det meste vore grått og trist, så sjølv om det var glatt ute i dag, var det så herleg å kjenne sola i andletet og få opplevd ordentleg dagslys :) Før me tar heilt kvelden – her er sundagslista, veke 50:

✦ julestemning på konsert med IMD og 1B1 der høydepunkta var "Mitt hjerte alltid vanker" og "Deilig er jorden"
✦ Synne som skriv om ein tur til ein kattekafé (eg og vil!)
✦ sjå at den yngre garde reiser seg for eldre på bussen
✦ hente boka Folket på Gamlingen, laga av tre bra damer
✦ pynte endå meir til jul med blant anna ei raud og fin julestjerne
✦ for ein fin bileteserie og denne rørande videosnutten med sjølvaste julenissen
✦ at dei fleste julegåvene er på plass
✦ denne skjønne, lille katten som har blitt redda og som får eit lite bad
✦ drikke te og prate ein heil haug med ei veldig god veninne
✦ slik kunne Downton Abbey ha vore hadde serien vore amerikansk ;)
✦ få endå meir julestemning av gågata i Sandnes med messingkvintett, julelys, hest og kjerre
✦ le høgt av denne videosnutten – det er jo som å høyre Tre Nøtter til Askepott
✦ gå fram og tilbake skulen no i dag i herleg vêr
✦ finne glede i lysa frå julestjerna og lyktestolpene når det elles er mørkt, grått og trist

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ingvild S L sa...

I morgen er det bare 10 dager igjen til julaften! :D

Silje sa...

Oi, det punktet gløymde eg å skrive ned! :D

Legg igjen ein fin tanke