2. nov. 2015

På stranda og i bassenget

Nok ein gong tar eg meg i å lengte litt tilbake til den herlege veka me hadde på Rhodos. Allereie fire veker sidan me byrja ferien vår. Stranda låg rett ved hotellet, og det var akkurat passe med solsenger og folk. For min del var det heilt greitt at det ikkje var berre sand, men også steinar, på stranda (eg er ikkje særskilt glad i den sanda ein ofte finn på strender). Og så var det utruleg kjekt å endeleg kunne bruke den flagrande knallgule kjolen eg kjøpte på Brooklyn Flea i fjor.


Både han fine og eg var uti vatnet eit par gongar, og temperaturen var berre heilt nydeleg! Såg små fiskar, plaska litt rundt og naut det å bade i heilt perfekt sjøvatn. Måtte også ta eit nærbilete av alle dei vakre, små steinane som låg rundt omkring. Kunne ha gått i mange timar og berre titta.


Var jo uti bassenget også nokre gongar, men det var ikkje oppvarma, så til og med eg må innrømme at det var littegrann kaldt (mannen min fekk eg berre med uti ein gong, for han syntest det var altfor kaldt). Men så var det jo også litt herleg å bli avkjølt sånn innimellom all solinga ;)

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Herlig! Jeg elsker å bade, og fikk skikkelig lyst på en sydentur nå! :D

Silje sa...

Eg elskar også å bade, har alltid gjort det, men eg har merka at tempen må vere varmare i vatnet no enn då eg var yngre. Rart det der ;)

Ruth | HungryHeart.se sa...

Åh, vad härligt det ser ut! Fint att kunna ta fram minnet så här i mörka november.

Silje sa...

Ja, jeg merker at det er ekstra fint å ha slike fine minner når det er grått, mørkt og litt trist ute :)

Carina Behrens sa...

Skjønner godt hvorfor du lengter tilbake, det så jo kjempedeilig ut <3

Silje sa...

Jepp! Når november no er her, kjenner eg det er ekstra godt å titte tilbake på Rhodosturen vår :)

Embla sa...

åh nu fick jag sommarlängtan.

Silje sa...

Skjønner veldig godt hva du mener, Embla!

Legg igjen ein fin tanke