25. nov. 2015
Lys til adventstida
Av og til tar eg vare på brukte ting, til dømes blikkboksar og pappemballasje, fordi eg tenkjer at "det kjem eg til å bruke til noko seinare". Det er ikkje alltid det stemmer, men nokre gongar slår eg til ;) Denne månaden har temaet i Monthly Makers vore lys. Lys som i lampe eller stearinlys, eller som noko symbolsk. Sidan mørket er her for fullt, og det snart er advent og jul, ville eg prøve å lage noko stilig med ei LED-lyslenkje som kan lyse opp her i heimen. Lenkja er frå Søstrene Grene. Og det er her den brukte tingen kjem inn i biletet, nemleg ei grøn vinflaske. Fjerna etikettane på flaska, vaska den og putta lyslenkja oppi. Det blei jo fint det, men eg ville gjere noko meir før eg sa meg ferdig. Printa ut omriss av eit juletre på vanleg papir, fann fram frostsprayen som eg har hatt i huset ei stund, gjekk ut på balkongen og spraya flaska. Etterpå tok eg av papiret, putta lyslenkja oppi endå ein gong, og vips, fin lyspynt til juletida. Litt vanskeleg å få fram detaljane med juletreet på flaska, men de får no eit inntrykk av resultatet likevel (også korleis det blei før eg frostspraya flaska). No kan jula berre komme, og dette er altså mitt bidrag i novembertemaet av Monthly Makers.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
16 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så stämningsfullt med den gröna flaskan och julgranen gör det lilla extra. Väldigt fint :)
Er så enig i at det lille juletreet på flaska gjør det lille ekstra :) Takk for fin kommentar, Pernilla! :D
Det ble utrolig kult! Enig med Pernilla over her at juletreet gjør det lille ekstra.
Tusen takk, Ida! Eit veldig enkelt prosjekt som eg gleder meg til å ta i bruk no når adventstida og jula snart er her ^^
Magiskt läcker!! Frostsprayen ger nästan illusionen av att flaskan skulle vara fylld med olivolja, åtminstone på bild :)
Den effekten hadde ikke jeg tenkt på før du skrev det :) Og tusen takk for kjekk kommentar!
Fiffigt att trycka ner ljusslinga in flaskan. Påminner nästan om en undervattensväxt. Snyggt!
Takk! :) Morsomt å høre at det hele minner folk om forskjellige ting, alt etter hvilket øye som ser!
Så koselig! Åh, førjulstiden er så bra :)
Om ein ser bort frå eksamenstida som ofte kjem på denne tida, er adventstida og alle juleførebuingane ordentleg kos og mange små gleder! :)
Så fin den är med ljuset som skiner genom frost och julgran! Perfekt "vinflaska" att ge bort i present när man skall på decembermiddag! =)
Utrolig god idé, Ruth, det med å gi bort noe slikt som en vertsgave :) Tusen takk for fin kommentar! :D
Vad snyggt! Gillar särskilt den med granen, så juligt!
Tusen takk, Mikaela! :) Det er den samme flaska, bare før og etter frostspray ;)
MEN vad snyggt Silje! Tycker så mycket om det gröna glaset och den dimmiga känslan! Väldigt smart idé som satte igång en massa nya i mitt huvud ;) Det tackar jag för!
Så utrolig kjekt å høre, Alicia! Du lager også så utrolig mye fint og imponerer stadig! :D Takk for en kjempefin kommentar, og i samme slengen ønsker jeg deg en god førjulstid! :)
Legg igjen ein fin tanke