22. juli 2015

Vinjerock 2015 – del 2

Godt å kunne ta livet med ro hos svigers på Sunnmøre etter dagane på festival. I går sov me lenge og frukosten åt me klokka 12. I dag derimot har me vore rundt og farta, blant anna med shopping ute på Devoldfabrikken, utsikt ute på Alnes fyr og historietime i Giske kyrkje. Men dei bileta får komme seinare, for eg har endå fleire bilete å dele frå finaste Vinjerock :) Natt til fredag var det så kaldt, og eg skal ærleg innrømme at eg skalv, hakka tenner og sleit med å sovne. Dimed var det ekstra godt å kjenne sola i andletet då me steig ut av teltet om morgonen. Nokre av dei andre gjekk på ein lengre topptur den dagen, medan mannen min og eg gjekk opp på ein liten topp med ein reinsdyrstatute på nær festivalområdet. Frisk luft og kjempefin utsikt! Etter kvart blei det mat og drikke, og på kvelden høyrde me blant anna på Emilie Nicolas, The Dogs og Karpe Diem.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mikaela sa...

Wow vad fina bilder, jag är så himla sugen på att åka till Norge och lite riktiga berg! Kanske nästa sommar! Tänker någonstans högt uppe i landet kanske! Ser ut som ni haft det fantastiskt i alla fall :)

Silje sa...

Nydelig natur og landskap, og ikke minst en fantastisk festival! Eidsbugarden ligger i Vang kommune, en kommune som ligger midt i Norge (i sør). Mange fine fjell og stier å utforske, så det er bare til å ta turen :) Vi hadde i alle fall noen superkjekke og fine dager :)

Legg igjen ein fin tanke