5. juli 2015

Noko fargerikt og noko svart-kvitt

Fordelen med å jobbe på Gamlingen om sommaren, er det å kunne sitje ute og få litt sol på kroppen medan ein passar på bassenga. Så klart med ein dæsj eller to med solkrem og masse drikkevatn. Skal ikkje leggje skjul på at ein blir litt susete i topplokket av all plaskinga og lyden frå barnebassenget, men det er ikkje veldig ille. Eg har jobba fem dagar på rad og har tre dagar igjen før det blir to og ei halv veke med ferie. Mykje kjekt å sjå fram til, så eg trur nok at dei tre dagane kjem til å gå ganske fort :) Fyrste veka i juli er omme, og det er tid for å dele nok ei sundagsliste:

✦ hente ein fargerik pakke med fargerike klede oppi (kjøpt på nettet hos Gudrun Sjödén)
dei vakraste nattbileta, fotografert av Jonna
✦ spele "Srabble" her heime med mannen min
✦ kjempefine hyller opp mot taket hos Sofiamilk
✦ ein kunde som ikkje hadde norsk som morsmål, men som likevel ville snakke den lille norsken han kunne og som etterpå sang litt på "Optimist" av Jahn Teigen
✦ kafébesøk på ein torsdag
✦ "Something you probably didn't know about cats" – måtte le litt av denne :)
✦ gå tur og også denne helga sjå dei fine andungane og svaneungane
✦ å lese denne saka om å vere ei veke ute på gata
✦ vere eit par timar på besøk hos ei av mine beste veninner i byrjinga av veka
✦ noko å tenkje på om feminisme
✦ sitje ute på balkongen, nyte sola og lese i den siste Harry Potter-boka
✦ herleg videosnutt av ein kjempeskjønn "pølsehund" (ein dachs) som leikar med ein ball
✦ hente lerretet med eit av bryllaupsbileta i svart-kvitt og få hengt det opp på stoveveggen

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gudrun Sjödén har mye fint! Men jeg merker at noe av det blir litt for fargerikt og mønstrete for min del. Liker best de enkle stripete genserne og tskjortene :) Blir sikkert godt med litt ferie, tenker jeg! For min del er vel egentlig ferien over nå, haha. Ha en fin mandag, Silje!

Silje sa...

Skjønner kva du meiner me at ein del av det frå Gudrun Sjödén er litt for mønstrete. Difor blei det berre ein kjole med blomar, og heller to toppar med stripar :) Og ja, eg ser fram til ferien! God måndag til deg også, Ida ^^

Legg igjen ein fin tanke