20. mai 2015

Og plutseleg var det ferie!

Der. Då var den siste oppgåva i dette semesteret levert inn. Eg har faktisk ferie! Kjenner det skal bli herleg å "berre" ha bryllaupet å tenkje på, for dei siste vekene har det vore to ganske høge skuldre her i heimen. Etter at oppgåva var levert både i papirversjon og på nettet, måtte eg berre ta nokre bilete av den fine alléen, ein allé med dei finaste trea no om våren. Blir så utruleg glad av å sjå på dei! Før eg stakk heim for å slappe av litt, var eg innom veninna mi i kaféen for å slå av ein liten prat. Koseleg! Kom meg heim, fekk slappa av nokre timar, og då klokka var fire, drog han og eg til byen for å ete middag ute for ein gongs skyld. Eg åt god kyllingsalat, han ein kyllingfiletburger. Smakte veldig godt, og så var det herleg å ete ute, vere på ein liten date :) Kaffi og eit lite kakestykke til dessert før me sykla heim igjen. Dei neste dagane kjem til å bli fylt med bryllaupsplanlegging, med alt frå å lage menykart til kyrkjeprogram og ein hel del anna som også må ordnast. Men me blir vel gift til slutt me også som min betre halvdel pleier å seie ;)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Hurra! Gratulerer med ferie! ^^ selv må jeg vente tålmodig i litt over en uke til.

Silje sa...

Tusen takk, Ida, og så får du ha masse lykke til med resten av eksamensperioden! ^^

Synne sa...

Gratulerer med ferie! Slike små stevnemøter er gull verdt, hoho. God helg!

Silje sa...

Tusen takk, Synne! Å kunne ta oss tid til eit lite restaurantbesøk, å sjå ein film på kino eller liknande er noko å sjå fram til etter ein eksamensperiode (eller generelt i ein litt travel kvardag) :)

Legg igjen ein fin tanke