6. mai 2015

Eit kvardagsleg blogginnlegg

Med det fargerike blogginnlegget eg posta på måndag, fortset eg med to fargerike kvardagsbilete frå min onsdagsmorgon. Kjekt å ta i bruk dei fine notatbøkene som eg har hatt liggande ei stund (frå Søstrene Grene), og det same med den fine, lille notisblokka. Kjekk lita blokk til å ha i bokhylla, så har me alltid eit lite papir å skrive på når me treng det. Og til frukost prøvde eg ut ein ny yoghurt utan sukker, ein yoghurt med smak av lime og sitron iblanda litt müsli. Så himla fine fargar utanpå, og heldigvis var den frisk og god :) Nok om det. Dagane går med til å skrive, men hadde jo eit avbrekk på måndagen med jentekveld, og i går var eg hos skreddaren. Er så spent på brudekjolen, og etter i går så er eg sikker på at den kjem til å bli fin og tøff på same tid! Dagen i dag har vore litt oppstykka, for då klokka var 12.30, var me begge to i Sørnes kyrkje. Der snakka me med presten, gjekk gjennom programmet og øvde på seremonien. Tenk, berre tre og ei halv veke igjen! I morgon blir det meir skriving før kjærasten min, mamma, pappa og eg byrjar å køyre av garde til Austlandet. På laurdag er det konfirmasjon til eit av mine søskenbarn, og sjølv om både han og eg er nødt til å jobbe litt i løpet av helga, trur eg det kjem til å bli ei bra helg :)

Legg igjen ein fin tanke