21. jul. 2014

Vinjerock 2014

Ei langhelg ved Eidsbugarden i Vang er over, og i dag tidleg stod eg opp litt over halv fem for å vere på jobb til kvart på seks. Tungt var det, men det gjekk no på eit vis. Me har hatt ei kjempekjekk helg med fine vener, nydeleg natur, god mat, bra stemning og veldig bra musikk. Me høyrde alt frå Odd Nordstoga til Kvelertak, Timbuktu og Veronica Maggio, Monica Heldal og Moddi og andre artistar/band. Datarock, eit band eg berre hadde høyrd om før og eigentleg kjente til kun på grunn av onepiecedraktene sine, klarte å skape ei kjempestemning og det var ordentleg gøy å vere til stades. Me leigde ein bil, og køyrde opp på torsdag og ned igjen i går. På turen var me innom fire fylke, køyrde gjennom verdas lengste veitunnel (Lærdalstunnelen), køyrde gjennom andre tunnelar og over bruer, såg mange fine fossar, køyrde på smale vegar og hadde rett og slett ein grei tur både opp og ned. Å vere på festival ved Eidsbugarden, særskilt med strålande sol, var heilt topp! Me koste oss ordentleg, og det gjekk faktisk greitt å sove i telt. Me gjekk opp til ein fjelltopp på laurdag og hadde den nydelege utsikta, me har hatt på oss ull og singlet om kvarandre, me har sete ute om kvelden med quizbok og mykje latter, og den siste kvelden såg ein fantastisk solnedgang! Vinjerock er diverre over for denne gong, men me sjåast nok (forhåpentleg) igjen – kanskje allereie neste år!

Legg igjen ein fin tanke