13. juli 2014

airbnb.no

På reisa vår som me var på for ein månad sidan, budde me ikkje på hotell; me budde rett og slett privat. Heime hos nokon. Nokon ukjende, så det var jo ein liten risiko. Men i og med at me skulle vere på reis såpass lenge, så fann me ut at me i alle fall skulle gjere ei undesøking med tanke på andre overnattingsmoglegheiter enn hotell (for det hadde blitt veldig dyrt). Og når nokre vener byrja å snakke om airbnb.no, tenkte me at dette kunne me sjekke ut. Som sagt, så gjort. Airbnb.no er ein nettstad kor du kan lage deg ein brukarkonto med litt opplysingar om deg sjølv (slik at vertane kan sjå kven du er), før du så byrjar å søke etter ein stad å bu, anten det berre er eit rom, eit hus, ei campingvogn, leilegheit, ja, moglegheita er mange. Du kan søke innanfor eit bestemt område, prisklasse osb. Og når du har funne ein stad, kan du ta kontakt med verten for å høyre om det er ledig i det tidsrommet du skal reise. Ein kan gå inn på profilen til verten for å lese meir om han eller ho, og når ein kikkar på dei aktuelle plassane, kan ein lese meldingar som andre brukarar har skrive, sjå bilete av bustaden og lagre dei aktuelle stadane i "ønskjelister". Det som også gjorde at me valde å prøve ut airbnb, er at sjølve betalinga blir fryst inne på nettsida (ikkje hos verten, men inne på sjølve airbnb.no) fram til du har vore der (bustaden) i 24 timar. Me valde å bu privat både i Reykjavik og NY, og då me fyrst hadde bestemt oss for å prøve airbnb, var me begge einige om at dei me skulle bu hos, måtte ha gode meldingar. Me fann noko me likte begge to, kikka nøye på bileta, tinga dei to plassane, og då turen nærma seg, fekk me god veiskildring og mykje bra informasjon frå begge vertane. Dette er verkeleg ein grei måte å bu på og spare litt pengar på. Kommunikasjonen går føre seg på sjølve airbnb og nettstaden er enkel å finne ut av. Dagbladet har også ein bra artikkel om kva du bør vere oppmerksam på når ein vil tinge bustad via airbnb. I bustaden me leigde i New York, budde det også ein katt (det visste me om altså), og det heile var ganske så koseleg :) Generelt vil eg anbefale airbnb neste gong du skal ut å reise, både for å spare pengar og for opplevinga si skuld. Me kjem nok garantert til å bruke denne nettstaden ein annan gong me er ute og reiser, og då særskilt om me skal ut og reise i meir enn ei veke.

Legg igjen ein fin tanke