Jobbhelga er over for denne gong, og no har eg ei veke fri. Det har vore nokre varme og fine dagar, men det var godt med litt kjøligare temperatur no i dag, sånn rett før ferien. Pakking til festivalen står på planen dei neste dagane, for sjølv om det berre er for nokre få dagar, bør ein jo pakke litt, og då pakke smart med både telt, sovepose og det heile. Må seie at eg er spent på heile opplegget; eg er jo ikkje akkurat eit teltmenneske ;) Men før den tid, har eg ei lita liste som eg vil dele:
✦ sykle i ein heilt nydeleg solnedgang
✦ høyre "Six Ribbons" (ikkje originalen, men likevel bra) og "Girls Keep Secrets In The Strangest Ways" på radioen sånn rett før leggetid
✦ le av teikneseriestriper som denne og denne
✦ berre fire dagar igjen til Vinjerock
✦ og så er det berre tre dagar til han der fine kjem hit igjen
✦ å lese om "fotografen som gir noe tilbake"
✦ kanskje eg skal lage ei slik skattejakt neste gong me har åremålsdag?!
✦ ha jentekveld før me gjekk ut førre laurdag med to gode veninner og le så innmari av denne herlege musikkvideoparodien
✦ eit fiffig påfunn, nemleg å kle seg etter nasjonaldagane
✦ at eg endeleg byrjar å få farge på kroppen (har faktisk byrja å få klokkeskilje på handleddet)
✦ kreativ og veldig fin måte å samle inn pengar til ferie på
✦ to av mine favorittartistar, Laurence Fox og Markéta Irglová, kjem med album til hausten
✦ sjå video av Raju, ein elefant som etter femti grufulle år er på veg til å få eit godt liv
Legg igjen ein fin tanke