1. jul. 2014

S+Å

Tenk. Det har allereie gått halvtanna år sidan han spurde meg om eg ville bli hans, om me skulle gifte oss. Og om eit snautt år skjer det faktisk. At tida har gått fort kan eg glatt underskrive på. No er han heime ein tur på Sjøholt, men berre for to veker. Å sakne er på ein måte godt, for då veit ein kor glad ein er i akkurat den personen, kor bra det blir å sjå han igjen. Mi andre jobbveke er i gong, og sidan eg jobbar morgonskift, er det opp klokka fire kvar morgon. Men det går på eit vis, på sykkel, berre meg, fuglane og sola. Og om to veker kjem han tilbake, og så er me på veg til Vinjerock. Det skal bli så kjekt :) To veker kjem til å gå fort, plutseleg så er han her igjen 

0 kommentarer: