4. mai 2013

Marsjseminar

Her går det verkeleg i korps i dag: eg har nettopp vore på marsjseminar med det eine skulekorpset, og mannen i huset sit her ved sida av meg og høyrer på EM brass. Når ein er på marsjøving (eller seminar) på ein laurdag, då veit ein at det nærmar seg 17.mai med stormskritt. Og heldigvis: sjølv om det var meldt mykje regn, letta vêret og me fekk gått nokre rundar utan å bli heilt gjennomblaute. No skal eg berre slappe av resten av dagen og kvelden med kaffi, bok, ein god film og sikkert litt meir EM på høgtalaren. Skal ha fri frå alt som heiter eksamenslesing, tar nemleg eit par timer med det i morgon før eksamenen er på måndag. Ønsk meg lukke til ;)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Kari Kierulf sa...

Lykke til på eksamen, Silje! Hilsen tante og onkel! Vi er på hytta, men det blåser og er skikkelig kaldt, så vi sitter inne og fyrer i ovnen.

Silje sa...

Tusen takk til dykk begge to! No skal eg berre slappe av og nyte laurdagskvelden; i morgon er det siste innspurt. Men det går vel helst bra :) Du må helse så mykje til onkel også, så får de kose dykk inne med peis sjølv om det blæs stikker og strå ute ;)

Moder'n på Møre sa...

Ja, nå ser du hva du har rotet deg borti: BRRASS!! Og du som absolutt ikke ville bli noen brasser :-) Det har forresten vært noen timer med EM-BRASS her også. Broder'n (han med samme navn som din far) følger jo med, må du vite! Det sitter i blodet, dette! Sikkert masse bra musikk, men litt for innviklet og avansert for mine ører :-)

Tvi, tvi på mandag - og på de påfølgende eksamener!

Silje sa...

Tusen takk for lukkeønskingar! He, he! Joda, eg speler i brassband, men eg jobbar i to janitsjarkorps, så det så ;)

Moder'n på Møre sa...

Jo, jo - gammel vane er vond å vende, så det henger vel litt i enda :-)
Vi får se hvordan det går med åra....

Silje sa...

Så lenge eg får vere med i eit korps og spele saman med dei, er eg nøgd, uavhengig om det er janitsjar eller brass. Så seier eg ikkje meir om den saka ;)

Legg igjen ein fin tanke