16. des. 2015
Gågata i førjulstidar
Å gå rundt ute i ei gate for å finne julegåver, er så mykje koselegare enn det å gå rundt inne på eit kjøpesenter. Ein må jo vere litt heldig med vêret vel å merke, men det var akkurat det me var då me var ute i gågata i Sandnes på laurdag. Nokre små regnbyger var det innimellom, men med regnbogen på himmelen og fine julelys gjorde jo ikkje det så mykje. Høyrde julesongar frå ein messingkvintett, såg sjølvaste julenissen og hest og kjerre. Og på veg heim såg me eit lysande "God jul"-skilt på ein husvegg. Ikkje alle slike lys er fine i mine auge, men dette var faktisk ganske så fint :) Her i heimen held eg på med oppgåva om dagane, skritt for skritt, og me prøver elles å få ferdig senga. Er lei av å bu oppi alt som heiter måling, pussemaskin, maskeringsteip og heile bøtteballetten. Men jul blir det vel uansett, eller kva?! Tenk, berre åtte dagar att til julaftan!
Merkelapp
kvardag
14. des. 2015
Til min betre halvdel ♡
Fordi du for sju år sidan tok bussen ut til Sola. At det allereie er sju år sidan forstår eg ikkje heilt. I løpet av desse åra har me budd frå kvarandre i ni månadar då eg gjekk på folkehøgskule, me budde saman i Kr.sand i fire år og kjøpte vår eiga leilegheit her i Stavanger i fjor. Me har vore i Krakow, London, Reykjavik, New York og på Rhodos saman, og eg gleder meg til nye eventyr. Det er så mykje eg vil oppleve saman med deg. Trollstigen, køyreturen til Vinjerock gjennom fire fylke to år på rad, NM med Agder Brass, hytteturar og tur til Oslo for besøke nevø og nieser og sjå musikalar er andre fine opplevingar me har hatt. Å le saman med deg, gå ein tur i nærområdet, spele spel saman, sjå ein kjekk film, gode samtalar med vener, diskutere med deg og av og til vere einig i at me er ueinige. Og det at me for eit drygt halvt år sidan nok ein gong valde kvarandre, er endå ei oppleving me har saman. At du er ein del av livet mitt, er eg så takksam for. Du gjer livet mitt rikare, tryggare, finare. Du gir meg ei ro som er vanskeleg å skildre med ord. Du gir meg støtte og mykje kjærleik. Okei, så er du vimsete og seier alltid at "det ordner seg". Men det gjer ingenting, for eg elskar deg for den du er, her og no, i morgon, om fem år, om tjue år. Gratulerer med årsdagen ♡
Merkelapp
kjærleik
13. des. 2015
Midtvegs i desember
Plutseleg er tredje sundag i advent snart over. Kort oppsummert har eg denne veka brukt ein god del tid på transkripsjon, julegåveshopping, høyrt på julemusikk, og også ein del tid på måling av soverommet. Og no er me endeleg ferdig med den biten (berre senga igjen...). Ute har det for det meste vore grått og trist, så sjølv om det var glatt ute i dag, var det så herleg å kjenne sola i andletet og få opplevd ordentleg dagslys :) Før me tar heilt kvelden – her er sundagslista, veke 50:
✦ julestemning på konsert med IMD og 1B1 der høydepunkta var "Mitt hjerte alltid vanker" og "Deilig er jorden"
✦ Synne som skriv om ein tur til ein kattekafé (eg og vil!)
✦ sjå at den yngre garde reiser seg for eldre på bussen
✦ hente boka Folket på Gamlingen, laga av tre bra damer
✦ pynte endå meir til jul med blant anna ei raud og fin julestjerne
✦ for ein fin bileteserie og denne rørande videosnutten med sjølvaste julenissen
✦ at dei fleste julegåvene er på plass
✦ denne skjønne, lille katten som har blitt redda og som får eit lite bad
✦ drikke te og prate ein heil haug med ei veldig god veninne
✦ slik kunne Downton Abbey ha vore hadde serien vore amerikansk ;)
✦ få endå meir julestemning av gågata i Sandnes med messingkvintett, julelys, hest og kjerre
✦ le høgt av denne videosnutten – det er jo som å høyre Tre Nøtter til Askepott
✦ gå fram og tilbake skulen no i dag i herleg vêr
✦ finne glede i lysa frå julestjerna og lyktestolpene når det elles er mørkt, grått og trist
Merkelapp
sundagsliste
12. des. 2015
Julesong som gir julestemning
Kvart einaste år når desember er her og jula nærmar seg, er det ein song eg berre må høyre. Om og om igjen, år etter år. "Walking in the Air" med Aled Jones, og helst akkurat den versjonen ein kan sjå i videoen over. Den versjonen der Jones syng duett med seg sjølv. Vakkert, heilt nydeleg, og den gir meg ordentleg julestemning! Og på konserten i går blei det også julestemning med allsong, kor og orkester på "Deilig er jorden". Klarte berre såvidt å halde tårene tilbake, for det var mektig!
Merkelapp
musikk
11. des. 2015
Julegåver, te og jenteprat
Både på onsdag og i går var eg ute på farten i nokre timar for å prøve å få dei siste julegåvene i hus. Det er verkeleg ikkje like enkelt det der, altså ;) Har fått jobba litt vidare med oppgåva trass i julegåveshopping, så heilt "skrivefri" har det ikkje blitt sjølv om det kanskje ikkje har blitt så mange timar dei siste dagane. Men ein treng nokre fritimar innimellom, og også litt jenteprat. Ei av mine beste veninner er nemleg heime på juleferie, og kom hit på besøk tidlegare i dag. Var så koseleg å berre sitje og prate, drikke te, mimre og le saman :) Ei kjempebra start på helga! Snart er det middag, og klokka sju skal me på ein konsert nede i byen. Trur det blir bra! God helg, folkens! :D
9. des. 2015
Lys i mørketida
Grått og trist vêr. Blir liksom ikkje ordentleg lyst når regnet dett ned ute, og plutselig er det allereie heilt mørkt sjølv om klokka berre er halv fem. Men med ei julestjerne i vindauget, blir det i alle fall bittelitt lysare. Tok fram kameraet i går for å fange regndropane som rann nedover glaset, lysa frå butikken, lyktestolpene ute og lyset frå stjerna. Det er jo ganske vakkert trass i at det er mørkt.
Merkelapp
foto
7. des. 2015
Nede i (orkester)grava
Starten på veka har gått med til å transkribere intervju, drikke ein god del kaffi, transkribere meir, vaske klede, få på plass ei skapdør og måle med den herlegaste grønfargen på soveromsveggen. Ein grei start på veka med andre ord :) Kom på at eg tok eit par bilete nede i grava då me spelte "Nøtteknekkeren" førre veke. Dei er tatt med mobilkamera, så særskilt gode er dei ikkje. Alltid like trangt og mørkt (me har no i alle fall leselys), men det er jo likevel ein sjarm ved det heile ;)
Merkelapp
korps og orkester
Abonner på:
Innlegg (Atom)















