10. juli 2020

Filmmusikkmagi

Tidleg denne veka las eg nyheita om at Morricone har gått bort. Han som komponerte den vakre musikken til den finaste filmen Cinema Paradis i lag med sonen Andrea. Kjærleikstemaet frå denne filmen blei spelt i vigsla vår, og resten av musikken frå dette albumet er rett og slett rein magi. Dei fleste kjenner også "Gabriel's Obo" frå The Mission og så klart hovudtemaet frå The Good, the Bad and the Ugly. I januar i fjor var me så heldige at me fekk sjå han dirigere eit stort orkester i Telenor Arena, og for meg vil dette alltid stå igjen som eit stort musikalsk høgdepunkt. Ei heilt fantastisk oppleving! Morricone har også komponert musikken til filmar som The Untouchables, Once Upon a Time in America og The Hateful Eight, der han vann Oscar for beste originalmusikk for den sistnemnde filmen. I løpet av veka har eg høyrt litt ekstra på musikken hans, berre lytta, oppdaga nokre nye låtar. Ennio Morricone 1928-2020, kvil i fred ♥︎

8. juli 2020

Sundag på hytta

Oppe ved Moslivatnet sundag. Me fann ut me skulle overraske mamma, pappa, onkelen min og kjærasten hans med nybakt brød og god kaffi. Avtalen var nemleg at me skulle komme opp til hytta i løpet av dagen, men det var ingen av dei som venta oss så tidleg ;) Morgontrøytte andlet som blei ganske så overraska då me dukka opp inne i yttergangen før klokka var ti. Hotellstandard på frukosten, blomar i ein fin keramikkvase og noko godt til kaffien. Zalo var også med, og det er tydeleg at det er pappa han er mest glad i. Kul og gul er han kvar gong. Me slappa av med mykje prat, las høgt frå ei quizbok og etter kvart åt me middag. Ein kjempekjekk hyttesundag.

6. juli 2020

Kampenturen

Timane på jobb har foke av garde i dag, og seinare i kveld blir det middag på Sola. Ein heilt grei start på veka med andre ord. Trur ikkje eg overdriv når eg skriv at det bøtta ned i går, men på laurdag var det derimot opphald, ja, litt sol innimellom. Min betre halvdel, broremann og eg fann ut at me ville gå ein liten tur, og denne gongen fall valet på Kampenturen. Me starta turen i Bjergstedparken, og me har alle saman mange gode minne om korps og konsertar i Kuppelhallen. Fint i parken med ein benk under eit tre, sommarfugl i det same treet og eit lite hus i skogen.


Koseleg å gå slike turar når vegen tar oss med gjennom bustadsområde me aldri har vore i før, opp på haugar der me får kjempebra utsikt over byen og gjennom små, grøne turområde. Kaffipause oppe på den eine haugen, og på ein grussti såg me ein minifrosk. Vakre blomar og den kulaste benken i byen. Eg liker desse turane, turar der me stadig oppdagar nye plassar i byen vår.

5. juli 2020

Publikumsbading og pustepausar

I sommar har eg fri kvar helg sidan me "berre" har ope for publikum måndag til fredag, men to dagar fri i staden for fire går fort. Heile veka har eigentleg gått fort. Kjempekjekt å vere i gong igjen med publikumsbading trass i ein tysdag utanom om det vanlege: eit par misnøgde kundar som klagar på bookingsystemet (noko me ikkje kan gjere noko med), litt intern diskusjon og ei surrealistisk oppleving der eg måtte uti bassenget etter ein unge som hadde slått foten for deretter å måtte høyre på ei som hadde diverse å klage på medan eg stod der søkkvåt frå topp til tå. Altså, ingen dagar er like når ein jobbar i kundeservicebransjen. Lesetid her heime, liten gåtur i går, musikk på høgtalarane på jobb og stikke opp til hytta på overraskingsbesøk med nybakt brød frå Brustadabakeren i dag, jamt over må eg seie det har vore ei god veke. Eg prøver alltid å tenkje meir på dei fine tinga sjølv om ein slik dag som tysdag alltid sit ei lita stund i tankane. I morgon er det måndag og ei ny veke, eg er klar. I alle fall nesten, må jo poste ei vekesoppsummering fyrst:

✦ klagar ikkje på ein god latte på kafé og den herlege boka Olive, igjen
✦ kjempestas å lese dette intervjuet av kollegaen min på okologisknorge.no
✦ solnedgangen over Mosvatnet, det gylne lyset og endene i det høge sommargraset
✦ innspelinga av songen "Ein blåe dag", stolt av å bu i ein by med eit så bra symfoniorkester
✦ eit lite hobbithus som me tilfeldigvis såg i den botaniske hagen
✦ sjølv om tysdagen på jobb ikkje var den beste, er det ordentleg kjekt å sjå badegjestar igjen
✦ dachshund og piggsvin, stadig like fint å følgje Loulou, Coco og alle venane deira
✦ gøy å lage skilt som no heng på eit hønsehus ute på Hundvåg
✦ bloggen Et katteliv er framleis ein favoritt, berre sjekk ut desse gullstundene og denne fine pusen
✦ tinge leigebil til ferien
✦ ny song frå Markéta Irglová
✦ rådhusveggen med eit kunstverktre, vegg i vegg med svømmehallen
✦ treffe ei veninne på kafé etter jobb fredagsettermiddag, mykje prat og koseleg stemning
✦ fleire junibilete som gir ei fantastisk sommarkjensle, inne hos Niina
✦ synest The Good Luck Charm var forutsigbar, men slutten tok seg no opp om ikkje anna
✦ to herlege videoar av lille Elsa, den aller søtaste koalaen (her og her)
✦ laurdagspizza, Taskmaster og "Alle tiders spill" i går kveld med mannen min og broremann
✦ å dra opp på overraskingsbesøk på hytta i dag tidleg, og så bli der resten av dagen
✦ regn på ruta, men fargerike blomar i ein flott keramikkvase lyser opp på hytta
✦ gå Kampenturen med villblomar, bra utsikt og flotte stiar

3. juli 2020

Stilige skilt

Så gøy å kunne lage to kule skilt til dei venane våre ute på Hundvåg! Eg synest alltid det er kjekt å ha noko hobbygreier å halde på med, og sidan dei for ikkje mange månadar sidan skaffa seg høner, var det på tide å lage skilt til hønsehuset. Han fiksa plankane og måling, eg skrifttypen og målinga av bokstavane. Skreiv ut teksten spegelvend, teikna rundt bokstavane med blyant på bakepapir og skraverte så blyet over på plankane. Teikna rundt med kvit blyant for å tydeleg sjå omrissa før eg byrja å måle. To strok, og voilà! Litt skeive bokstavar, men alt i alt er eg veldig nøgd med det ferdige resultatet. Blir stas å komme på besøk neste gong og sjå korleis det ser ut når skilta er på plass :)

2. juli 2020

Slike dagar om sommaren


Seinvakt på jobb. No i sommar har me annankvar dag med morgonbading og ettermiddagsbading. Eg har dimed starta dagen med to koppar kaffi og mykje lesing. Om ikkje lenge tenkjer eg å sykle av garde, fyrst til Madla der eg skal hente eit par bøker og sidan ned til byen. Ute skin sola, men temperaturen har søkkt drastisk slik at det ikkje er like freistande å sitje ute på balkongen og lese. Men eg skal ikkje klage, for som eg skreiv i gårsdagens innlegg, har me så langt hatt mange flotte sommarkveldar. Filmsnutten over er ikkje lang, men den viser så tydeleg kor gyllen solnedgangen har vore i juni. Dei varme solstrålane, sommarstemninga, det å finne ro og glede i dette etter ein kveld på jobb. Til helga er det meldt gråvêr, men utover neste veke skal det nok ein gong bli godvêr.

1. juli 2020

Sommarsola ein junikveld 🌅

Mosvatnet på veg heim frå jobb tidlegare i sommar. Ein junikveld, no er det plutseleg juli. Gyllent lys over det heile – over vatnet, graset, horisonten. Varmt og gyllent, nesten som om solskinet var laga av gull. Endene slappa av i graset, dei såg ut til å ha det ganske så greitt ein slik varm sommarkveld. Å kunne avslutte jobbdagen og sommarkvelden på denne måten, eg klagar ikkje.