11. aug. 2017

Heimen vår

Fem favorittlukter
alltid nykverna og nytrakta kaffi
✦ når mannen min baker og det luktar nysteikt brød i heile huset
✦ reint sengetøy
✦ kvitlauk
✦ heimelaga pizza (denne er vel universell?!)

Fem ting eg ønskjer meg
- nye gryteklutar som passar til fargen på kjøkkenet
- fine baderomsmatter
- alle bøkene i Narnia-serien som kan stå i bokhylla her i stova
- ein ekte espressomaskin (men om me har plass eller behov er ei anna sak...)
- sengetøy som står i stil med fargane på resten av soverommet

Fem favorittar i heimen
✦ Scooter-fargen på den eine stoveveggen
✦ den store, knallgule lampa
✦ å endeleg ha ei open kjøkkenhylle der det før var to altfor djupe og stygge skap
✦ teikninga laga av Mary Reynolds som me fekk i bryllaupsgåve
✦ sofabordet i perfekt kvit eikefarge, eit bord me fann på finn.no

Fem ting eg ikkje liker
- badet (det er leveleg, men skulle helst ha gjort noko med det i går)
- lesekroken som eg skulle ønskje var endå meir "bokaktig"
- parkett som er gulna
- at det er noko lytt i blokka
- det ruglete tapetet me finn i kvart rom (bortsett frå på kjøkkenet, for det reiv me tidlegare i år)

Fem planar framover
✦ skulle jo gjere det i år, men vêret har så langt ikkje vore på vår side: gjere balkongen koseleg
✦ fikse badet
✦ olje spisestuebordet i løpet av hausten
✦ dette er på burettslaget si regning, men døra inn til leilegheita skal skiftast om ikkje så lenge
✦ burde nok vaske golv, lister og dører

Synest lista var så fin, så eg lånte den frå Ingvild :) God fredag!

9. aug. 2017

Diger metronom og sko på ei straumleidning

På vår andre dag i Praha, eller fyrste heile dag om ein ser på det slik, starta me med å gå det lille stykke frå hotellet og bort til metrostasjonen Florenc. Kvar stasjon i Praha har sin fargestil, men alle er i ein futuristisk stil. Brosteinane var både små og store, og på vegen stakk me såvidt hovuda innom denne rare antikvitetsbutikken. Fann ikkje noko i farten, men for eit kult namn!


Me hadde bestemt oss for å sjå slottet (eller borgen) og St. Vitus-katedralen som ligg på ei høgde på vestsida av elva Vltava (Moldau). For å komme oss dit gjekk me over ei bru og opp 208 +++ trappetrinn  – eg byrja fyrst å telje då me allereie hadde gått opp det fyrste nivået. Vel oppe var fyrste stopp denne kjempestore metronomen. Ikkje så enkelt å ta bilete av den sidan fronten peikar ut mot elva og det var sperra rundt sjølve metronomen. Men stor var den, det er sikkert og visst.


Rett ved metronomen hang det ein haug med forskjellige sko over ei straumleidning, noko eg hugsar godt frå filmen Big Fish. Det er visst ei greie som faktisk heiter "shoe tossing", så no veit eg det også. Utsikta over byen og elva var vakker, og den lille blomeenga i Letnaparken endå vakrare!

7. aug. 2017

Kjekk gåve til den som er ekstra glad i kaffi

Eit lite gåvetips til den som har alt og som er litt ekstra glad i kaffi: abonnement på kaffibønner. Frå meg på bursdagen fekk han fine eit gåvekort på kaffi frå kaffebox.no (ikkje sponsa, altså). Eg valde eit abonnement på tre månadar der kvar pakke er på 250 gram. Så langt har me vore kjempenøgde med opplegget og smaken på kaffien har vore veldig god. Med kvar pose følger det med ein lapp der det står kor bønnene kjem frå, både landet og kva brenneri dei kjem frå, det står noko om smaken med meir. I tillegg til gåvekort, kan ein velje å abonnere kvar månad, utan bindingstid. Berre eit lite tips denne måndagen i august, ein måndag med kjekke timar på jobb medan det bøtta ned ute.

6. aug. 2017

Mørke skyer, knallblå himmel og ei bra veke

Stille her i heimen no. Vår pratsame kompis blei nettopp henta, og plutseleg var det ikkje meir kvitring å høyre. Inntil neste gong ;) Nok ei bra veke er snart over, og den åttande månaden i året er godt i gong. Om ein skal snakke om vêret – slik ein ofte gjer – har det ikkje vore så mykje å skryte av denne fyrste veka i august. Men det har no vore nok opphald innimellom til å kunne sykle til jobb utan fullt regntøy og til å gå tur utan å bli søkkblaute. Eg har jobba, han har jobba, me har slappe av med bok og tur etter middag og Zalo har halde oss med selskap. Ei sundagsliste kjem her:

✦ fortsetje å lese gode bøker, og for litt sidan las eg ut The Light Between Oceans
✦ reise på togtur til desse plassane som har inspirert Disney-filmar
✦ sjå rådyr på veg heim frå Forus i går
✦ hekle lappar og drikke te om kveldane
✦ Anna María med sine Islandstips (får veldig lyst til å dra dit no med det same)
✦ kjøpe nye joggesko til turbruk
✦ ha på ein kjole arva frå mamma ein dag på jobb
✦ dei fargeglade og stemningsfulle bileta frå Danmark inne hos Niina
✦ uvêrsskyene mot den knallblå himmelen
✦ Peter Sellers som (Chief) Inspector Jacques Clouseau
✦ er så kult med slike "usynlege" bokhyller
✦ god tur i Sørmarka der me gjekk forbi Stavanger botaniske hage
✦ kafédate med ei god veninne rett etter jobb på måndag
✦ vakre Harry Potter-tatoveringar
✦ ein slags selfie med Zalo
✦ In a Heartbeat – ein heilt nydeleg og rørande animert kortfilm
✦ oppdage den herlege komiserien Grace & Frankie
✦ Zalo som syntest at dataen til mannen min var ganske artig

4. aug. 2017

Humoristisk operanummer



Vil berre ønskje alle ein riktig god fredag og ei superduper helg med dette filmklippet frå filmen Wonder Man. Eg veit at mange av oss har veldig forskjellig humor, men eg lo no i alle fall godt av karakteren til Danny Kaye. Karakteren har hamna midt oppe i eit gangsterdrama og, trass i at han ikkje er ein ekte operasangar, endar han opp med å syngje ut sitt vitneprov mot "the bad guys." Om ikkje anna så får de eit innblikk i kva min type humor er ;) No ventar jobben før helga tar til.

3. aug. 2017

Fyrste kvelden i Praha

I Praha budde me rett i nærleiken av metrostasjonen Florenc, på B&B Hotel Prague-City. Eit greitt hotell for ein rimeleg penge som også ligg nokså nært gamlebyen (og det er alltid eit pluss når hotellet eller pensjonatet ligg nær eit T-banestopp eller ein togstasjon). Jamt over var me veldig nøgde me plassane me budde på. I løpet av dei to vekene me var ute på tur, kan ein jo seie det slik at me såg mange vakre hus, gamle hus, ornament, svære statuar, noko som det også var i Praha.


Så klart måtte me jo ha noko mat etter fleire timar på farten. Me fann ein lokal restaurant ikkje langt unna hotellet, og maten var god. Traska bort til torget og tok eit kakestykke på deling og kvar vår kopp med kaffi. Titta på Týnkyrkja og den astrologiske klokka (som i mine auge kunne passa rett inni Harry Potter-universet). Ein liten turistselfie med hatt og solbriller blei det visst også.


Spira på Týnkyrkja var majestetiske, høgt der oppe mot den blå himmelen. Gamle bygg med teikningar på og det gylne lyset då kvelden nærma seg. Eit gult hus med vakre blomar nær Karlsbrua. I det heile tatt var det ein fin og bra ettermiddag og kveld på vårt andre Interrail-stopp.

2. aug. 2017

Liten tur med fine kvardagsgleder

Litt kornete bilete frå mobilen, men sundag for nokre veker sidan var me ein snartur opp til Ullandhaugtårnet der me såg regnbogen, traff eit ekorn og ein kanin. Små kvardagsturar (eller sundagstur i dette tilfellet) kan by på mykje fint, og det gir meg glede, meir energi og eit smil om munnen no når det lyner, tornar og bøttar ned ute. Snart er det jobb; god lillelaurdag til deg!