11. aug. 2013

Topp 5 – Disneysongar

Helga har gått altfor fort med blant anna besøk frå Sunnmøre, tur nede i sentrum og lesing ute i sola. Uansett. Vekas topp fem-liste er Disneysongar. Dette er også ein kategori kor eg kunne ha ramsa opp ganske mange songar, så eg har dimed nokre kriterium for å plukke ut mine topp fem: den må vere med tekst og den skal vere frå ein rein animasjonsfilm (viss ikkje kunne omtrent alle songane vore frå Mary Poppins). I tillegg skal fem filmar vere representert på lista, berre ein song frå kvar film, for å få variasjon. Her kjem dei, mine favorittsongar frå Disneyfilmar:

"God Help the Outcasts" frå The Hunchback of Notre Dame - nydeleg song som eg har spelt mange gongar frå ei av Disneybøkene mine (spelebøker for trombone som eg fekk då eg var yngre)

"I Just Can't Wait to Be King" frå The Lion King - livleg song med ein god del lydar, til dømes løvebrøl

"Colors of the Wind" frå Pocahontas - hugsar godt at me song denne i skulekoret, og eg liker faktisk den norske versjonen også

"Kiss the Girl" frå The Little Mermaid - herlege Sebastian, krabben over alle krabbar, syng denne songen med stor innleving

"Hail to the Princess Aurora" frå Sleeping Beauty - eigentleg ikkje ein song eg høyrer ofte, men eg har alltid likt namnet Aurora, og melodien er fin, majestetisk og lett å hugse ;)

10. aug. 2013

Fine saker og ting i det siste

Eller "things I like lately" som det heiter på bloggen Hei!. Inspirert av bloggen og akkurat den lista, fekk eg lyst til å lage ei lita liste sjølv med fine saker og ting som eg har oppdaga i det siste:

✦ herleg retroinspirerte notisbøker frå Søstrene Grene
✦ det faktum at eg har byrja å bli godven med symaskinen
✦ å finne ein kjole, den nydelege som ein kan sjå på biletet, på Floyd til halv pris av raud pris (opphavleg pris: 1199 kr, raud pris: 300 kr, eg fekk den for 150 kr)
✦ at denne boka kjem i postkassa til meg om ein månads tid
✦ marknad i Posebyen (gamledelen av Kr.sand sentrum)
✦ han fine har endeleg vore ein tur hos frisøren
✦ desse fine kongeblå øyredobbane på etsy.com
✦ sol og sommar her i Kr.sand etter fleire dagar med grått vêr og opprydding på Sola


Og nokre ting eg ikkje liker fullt så godt:







✦ kjærasten min blei ein smule solbrent i går ("Det er Norge i rødt, hvitt og blått...")
✦ at skulen byrjar på måndag, med fyrste forelesning på onsdag
✦ lukta av våt kjellar
✦ altfor lenge igjen til jul

8. aug. 2013

"Fantasi"

Midt oppi alt kaoset, har me kost oss om kveldane med litt kortspel, symaskin, film og spelet "Fantasi". Eg har tidlegare omtalt "Cranium" der eg nemnde at det liknar litt på klassikaren "Fantasi". "Fantasi" er verkeleg eitt av mine favorittspel, det får latteren til å boble og ein blir full av energi. Kjempegøy med miming, teikning og så klart gjetting. Hadde siste dagen vår på Sola i går, og no er me tilbake i Kr.sand. Skulen byrjar på måndag. Merkar at eg ikkje er klar, ikkje i det heile tatt. Er så mykje eg skulle ha gjort, så mange eg skulle ha vore med. Slik er det alltid med sommaren – den går så altfor, altfor fort. Og så ser det jo ikkje ut heime på Sola no, det er rett og slett ting og tang over alt. Men mamma og pappa har tatt seg ein velfortjent tur til hytta, så får ting skje når dei skjer. Slik er det berre nokre gongar. Og sjølv om eg kanskje ikkje er heilt klar for skule og kvardag, skal det blir veldig greitt å komme i gong med faste rutinar ;)

6. aug. 2013

Jeremias

Sommarferien nærmar seg slutten, og her på Sola går dagane i eitt. Trur me alle lever litt i ei eiga boble med tanke på alt som skal bli gjort og alt det som me ikkje får gjort på grunn av vatnet i kjellaren. Som mamma seier: "nå blir det unntakstilstand i øve ett halvt år her...". Men slik er det berre, og det gjeld ganske mange i gata vår. Dei, mamma og pappa, er i alle fall veldig glade for at dei har bestilt sydentur i september :) Har ikkje tatt noko særskilt med bilete dei siste dagane (utanom bilete av kjellaren – alle kleda og tinga som låg der nede), så difor deler eg heller nokre bilete av Jeremias. Finaste pusen. Men han var litt redd meg då eg kom til Sjøholt med trillekoffert midt på natta for snart to veker sidan. Stakkars. Eg fekk lov til å kose med han dei siste dagane, og då var det også fram med kameraet. Ein ordentleg fotogen pus!

4. aug. 2013

Topp 5 – lukter

Mykje har skjedd sidan me kom hit til Sola på torsdag. Me var ute på ein stor handlerunde, me ungdommane, på fredag. Broren min skal jo flytte for seg sjølv, og treng ein del ting. Rett etterpå dro me av garde til hytta, for der skulle me eigentleg vere til måndag. Men tidleg i går fekk me telefon om at brannvesenet sto ved huset og at det var komme mykje vatn i kjellaren. Så me måtte alle fare rett ned til Sola (og mamma og pappa som nettopp hadde byrja på ferien sin...). Har fått opp det me kan redda, tatt bilete for dokumentasjon og okkupert oss i leilegheita til mormor. Ja, ja! Det er nok som må bli gjort, men me tar det steg for steg. Så er det jo ein gong slik at det er sundag i dag, og nok ei liste skal bli presentert. I dag er det då topp fem "lukta av...":

lukta av nysteikt brød - er berre heilt himmelsk!

lukta av nyperoser - vekkjer mange barndomsminne, og då eg sykla til jobben i sommar, grytidleg, sykla eg forbi buskar med slike roser og dei luktar ordentleg sommar

lukta av kaffi - vanleg svart kaffi, utan melk eller sukker, luktar endå betre enn den smakar (sjølve kaffipulveret luktar aller best)

lukta av vanilje - ekte vanilje, frå ei sånn vaniljestang, luktar kjempegodt

lukta av nybarbert kjærast - eg likar ikkje stikkete skjegg, så når eg kjenner lukta av barberingsskum, veit eg at eg kysse han utan å bli stukke ;)

2. aug. 2013

Fargar utover eit fint landskap

"Over regnbuen der himmelen er blå, alle drømmer skal vise veien der du skal gå." (Alf Prøysen). Regnbogen viste seg så sterk ein av dagane på Sunnmøre. Det var eit nydeleg syn, det å sjå den fine, fargerike regnbogen. Dobbel var den òg. Herleg å stå ute og sjå utover Sunnmørsalpane!

1. aug. 2013

Kyrkjetorget

Vel framme på Sola etter å ha stått opp litt over fire i dag tidleg (eller skal ein seie midt på natta?!). Me hadde tre timar i slå i hjel på Gardermoen, men me tok ein kopp kaffi og sat oss opp i andre etasje, i den kaféen der me kjøpte kaffien. Nesten ingen folk, me hadde omtrent heile etasjen for oss sjølve, så me la oss på ein sofa og berre slappa av. Kom heim hit i tolv-tida, og dagen har gått med til å vaske klede, pakke ut og eg var med mamma ein tur bort til mormor. I morgon blir det ein ganske så stor handletur før me tar turen opp til Mosvatnet og "Ørneredet". Legg ved nokre bilete frå Kyrkjetorget på Sjøholt, for her kan du verkeleg gå rundt og berre sjå. Så klart er det ein del nips og dilldall, men ein kan også finne noko her. Oversiktsbileta, nr.2 og 3, er tatt frå hemsen der ein finn bøker og kjøkkenreiskapar i fleng. Kyrkjetorget er som ein kjempestor Fretexbutikk, og det er verkeleg verdt å ta turen innom viss du ein gong køyrer forbi :)