Når ein har fri i starten av ei veke, blir den veka med eitt litt annleis, for ein har plusteleg sundagskjensla på ein måndag. Og det var jo tilfellet no sidan måndagen var andre pinsedag. Veldig kjekt å spele konsert med orkesteret på tysdag! Konserten var eit samarbeid mellom oss og dirigentstudiet ved UiS, og det var artig å ha med oss seks dirigentstudentar som alle skulle dirigere kvart sitt stykke. I tillegg kom det mange for å høyre på, noko som alltid er stas. Greie nok dagar på jobb, men eg har i helga vore forkjøla. Isj, aldri kjekt når formen ikkje er på topp. Var no ute på ein liten handletur i sentrum i går, elles har det blitt lesing og husarbeid her heime. Og også dette:
✦ trur Christie-boka Morder i huset må vere ei av hennar beste
✦ flott solnedgang på veg heim etter orkesterkonserten
✦ balkonglesing
✦ sykle til sentrum i finvêret i går for å få unnagjort eit par ærend
✦ endå ein ny song frå The Swell Season: "Great Weight"
✦ tilbakeblikk på Freias regnbogefarga skilt i Oslo førre helg
✦ skuggespel på kjøkkenet
✦ ja, takk til fleire slike fargerike benkar
✦ å, så glad for at det kjem ei femte bok i The Thursday Murder Club-serien av Richard Osman!
✦ grøne tre og lange skuggar ved Mosvatnet då eg sykla der fredagsmorgon
✦ prate med to kundar, på same dag, om Anne of Green Gables og Prince Edward Island
✦ laurdagstaco på ein sundag
✦ likte godt å lese Emily Henrys nyaste bok, The Great Big Beautiful Life
✦ tihi, ein mykje større hund blir sjalu på all merksemda dei små pusane får
✦ spele konsert med orkesteret
✦ fiolette syrinar
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess på radioen
✦ Olive og Pudding er så artige i lag
✦ sommarleg mønster på små toalettvesker
✦ finne fram skeive bøker og pynte eit bord på jobb med regnbogefargar
✦ både fredag og i dag: småforkjøla, men heldigvis mange bøker å velje mellom
✦ Anton Chekhovs novellesamling About Love har karakterar ein ikkje gløymer med det fyrse


Legg igjen ein fin tanke