Mannen min hadde bursdag på onsdag, til og med rund dag. Så klart jobba eg kveld, og det blei dimed inga stor feiring. Om ikkje anna så hadde me ein roleg start på dagen i lag der han fekk eit par gåver, og så var me på Kronen Gaard i kveld i lag med mamma, pappa og broremann der me både feira bryllaupsdagen og bursdagen litt på etterskot. Forkjølinga er heldigvis mykje betre, men ei snørrete nase har eg enno. Godt å gå til jobb to av dagane og sykle ein annan dag, fleire av kundane har takka for god service (eg tar med meg alt eg kan av slike opplevingar, for det er nok av dei kjipe også), litt meir ferieplanlegging og dei andre tinga kan du lese i ei liste, som vanleg:
✦ pingvinbøker, altså, og eg fall verkeleg for Juan Salvador i Min venn pingvinen av Tom Michell
✦ musikalspørsmål i Dag og Tid-quizen :)
✦ surdeigspizza etter laurdagsvakt
✦ Jeg savner å føle at noe ikke skal ta slutt av Ingrid Lensol var eit lita perle av ei bok
✦ å, koseleg å sjå både Olive, Onyx og Pudding i samla flokk
✦ berre ein lyseblå himmel
✦ prideutstilling i butikkvindauget til Outland
✦ asfaltfint med eit blomeblad
✦ Fargegaten midt i sentrum, alltid eit herleg syn
✦ for ei bra og rørande episode, den aller siste, av There She Goes
✦ og artig at ho eine karakteren i serien skulle på tubaøving
✦ lage kake til kasserarmøtet på tysdag, og ete restar då mannen min hadde bursdag dagen etterpå ;)
✦ høyre "One Night in Bangkok" på veg til jobben i går
✦ søte origamifigurar på det lille teiknebordet i butikken
✦ blomane på veg til jobb no om dagane
✦ skuggespel
✦ knallgod sjokoladefondant på Kronen Gaard
✦ og det blir alltid eit par artige bilete under den store bjørka
✦ sjå ferdig Terminator 2: Judgement Day som eg likte mykje betre enn eg hadde trudd
✦ strikke ein god del
✦ er inne i ein kosekrimperiode, og Mysteriet på Capri var akkurat passe herleg lesing



Legg igjen ein fin tanke