Heldigvis berre morgondagen igjen før påskeferie, for eg kjenner at eg treng det no etter ein travel mars og ein halvtravel start på april. Timane har rulla og gått på jobb der det mot slutten av veka var ganske mange innom som skulle kjøpe spel og bøker til påska. Anten om eg har gått eller sykla til jobb, har eg verkeleg nytt vårlufta, vårblomane, vårvêret (om ein ser bort frå fredag, for då sykla eg i småyr). I går var eg i lag med to finingar ein god del timar på vår årlege gartneritur. Før me køyrde heim, åt me ein knallgod lunsjbuffe på Drivhuset bageri og gårdsutsalg. Litt av ein plass! Sundagskjensla i heimen med lesing, avslapping og ein liten tur ut for å sjå etter søte lam og blomar på trea – begge delar fann me på Ullandhaug. Om litt er det måndag og så påskeferie:
✦ månadens Christie-bok var Ugler i mosen (eller The Seven Dials Mystery på engelsk)
✦ kveldssola, så varm og gyllen
✦ tusenfryd i graset
✦ og påskeliljer og russeblåstjerner langs jobbvegen min
✦ nusselege lam ved jernaldergarden på Ullandhaug
✦ lukta av nysteikt brød
✦ siste rest av bursdagsblomane mine
✦ tre kattar som leika i sola
✦ god mat og flott atmosfære på Drivhuset bageri
✦ knallblå himmel, ein benk og lange skuggar
✦ lese Monique flykter, den nyaste boka frå alltid eminente Édouard Louis
✦ blomar på trea
✦ sykle til jobb i vårvêret
✦ treffe riktig tone på "Tarzan Boy"
✦ alle blomane på Wiig gartneri
✦ spørsmål om messingsinstrument i ein QI-episode
✦ kunde som sa at eg var blid :)
✦ Halvor Folgerøs nyaste bok, Ferjefolket, er ei bok eg verkeleg koste meg med å lese
✦ strikketid og gode leseøkter
Legg igjen ein fin tanke