20. apr. 2025

Heime etter årets hyttepåske






I fem-tida i dag kom me heim til leilegheita etter å ha vore på hytta sidan onsdag. Det er rart med det, slike feriedagar går alltid litt for fort, men eg skal innrømme at det blir godt å sove i vår eiga seng igjen ;) Var på jobb på måndag, og sidan fri. Onsdagsmorgon var me hos eit venepar på påskefrukost, quiz og mykje prat, rett og slett ein superkoseleg start på dagen og på sjølve påska. Me drog opp til Moslivatnet utpå dagen på onsdag, og broremann var også med. Mamma og pappa var der frå før, og dagane har gått med til å lese, strikke, gå tur, spele spel, lage (og ete) god mat og prøve å senke skuldrene. Vêret var stort sett veldig bra, me kunne til og med sitje ute og lese, så trur ikkje me kan klage. Tanta mi og kjærasten hennar var også på hytta eit par dagar, og så klart var Zalo med, heilt i hundre. Tjo og hei, sundagslista denne veka er full av påske ditt og påske datt, tihi:
 
påskequiz, Kvikk Lunsj og strikketøy
spele både "Hitster" og "UNO Flip" om kveldane
lese eit par sider då eg gjekk til jobb på måndag
lage kanelsnurrar av surdeig
og ta dei med på påskefrukost hos eit venepar (veldig god smak, og det var kjekt med quiz)
søtaste Olive får vere med ut på tur
påskepynt i hyttevindauga
nam, det smakte godt med pizza steikt i pizzaomnen
kanskje litt forutsigbar, men Dit elven fører deg var likevel ei fin bok
boka Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen er ei tøff og samstundes veldig bra bok, anbefalast!
så mange flotte mønster på gåveposane me har på jobb
fleire koppar kaffi, høyre litt på Påskelabyrinten, lese inne og sidan lese ute på terrassen
å, ein liten søtnos som "lager kjeks" på ein mykje større søtnos
gåtur i ulendt terreng
feire mammas bursdag med både song, bollar og gåver
Zalo var verkeleg i siget
artig å spele "Ninusspelet" ute på terrassen
rosa himmel fleire av påskedagane
tente stearinlys på bordet, akkurat slik det skal vere på hytta
sjå ferdig Mysteria i Brokenwood
gjensyn med Jane Austen's House i denne vloggen frå Miranda
og apropos Austen: i år er det 250 år sidan ho blei født, og det var kjekt å lese klassikaren Emma

Legg igjen ein fin tanke