Vaflar med syltetøy er jo alltid godt, men å kunne sitje ute i sola med ein vaffel i den eine handa og ein kaffikopp i den andre, er jo ordentleg sommaridyll. Å ha ferie når vêret er på sitt beste, er jo heilt fantastisk. For oss har denne helga vore akkurat slik. Me har slappa av, vore ute på oppdagingsferd, lese mykje i bok og berre kost oss og tatt livet med ro. Trur nok sundagslista mi blir litt nedprioritert dei neste vekene, men eit lite stemningsbilete frå i dag vil eg likevel dele :)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Vafler <3 det hørtes veldig koselig ut. Selv er jeg bare glad for at temperaturene har steget litt og at sola titter frem av og til. Kjedelig med bare regn hele tiden. Ha en fin uke!
Skal ikkje klage på vêret der me var i helga ;) Og vaflar er jo noko av de beste som finst! Ønskjer deg også ei kjempefin veke :D
Legg igjen ein fin tanke