6. juli 2015

Bordpynt, bordkort og små gjestegåver

Når det gjeld bordpynt, blomar, bordkort og andre dekorasjonar og detaljar, gjorde me mykje sjølv og me valde å gjere det enkelt. Ingen av oss er så veldig glad i altfor mykje pynt og dilldall; det enkle er ofte det beste. Blomane som me brukte som pynt i kyrkja, var brudeslør som enkelt og greitt var putta oppi dekorerte syltetøyglas. Forlovaren min og eg fiksa desse om morgonen på bryllaupsdagen, og det var utruleg koseleg å høyre på radio og berre slappe av med pyntinga. Glasa med brudesløra blei frakta vidare til Kronen Gaard etter vigsla, og dimed fekk dei også vere ein del av bordpynten. To fluger i ein smekk! Mamma hadde også laga fin dekorasjon med blomar i sterke fargar, noko som blei akkurat passe og som friska opp bordet ved dei kvite brudesløra. Bordkorta hadde me laga sjølv, og bordkorthaldarane hadde mannen min og pappa fiksa med sag og furugreiner frå hytta. Nokre større haldarar blei også laga til dei fem arka me hadde laga med barnebilete av oss på den eine sida og fakta om oss på den andre – ein enkel og artig måte å få fram nokre sider ved oss som kanskje ikkje alle visste om. Til slutt hadde me også laga nokre små gjestegåveposar som gjestene kunne opne medan me var ute og blei fotografert. Posane har eg laga med stoff frå Stoff & Stil, og oppi dei var det anten sjokoladestenger ("for dei søte...") eller nokre små såpestykke ("for dei renslege..."). Hadde også putta oppi nokre fargerike ballongar for moro skuld :) Det har gått med nokre timar på alt dette, men det har verkeleg vore ein fin og kjekk del av bryllaupsplanlegginga. "Selvgjort er velgjort" er det noko som heiter, og eg meiner det stemmer ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Riktignok "enkelt", Silje....men når man regner arbeidstimer så var det vel ikke den enkleste utveien! Tror nok at de fleste brudepar får levert blomster på døra, som kanskje blir satt i sirlige krystallvaser, og bordkorta blir nok trykt hos en dertil egnet instans, ikke - som danskene sier det :-)
Og gaver til alle gjestene? MEN KJEKT VAR DET! Og flotte bord!
Et tips: ta et nærbilde av teksten på baksida av "de sukkersøte" informasjonskorta, og la oss få se det her!

Silje sa...

Joda, det har gått med ein del timar, men om ein skal få det slik ein ønsker, så er det veldig greitt å gjere det sjølv. Og så er det økonomisk i tillegg ;) Når det gjeld faktaboksane på baksida av barnebileta, så trur eg ikkje eg legg dei ut her; det står jo så mykje rart på dei. Men dei har de jo fått på pdf-fil om ikkje anna :)

Legg igjen ein fin tanke