4. nov. 2013

Halloweenkonsert

Stor ståhei med tre skulekorps (og aspirantar frå heile fem skulekorps) under gårsdagens to konsertar. Om nokon skulle lure; det var same programmet på begge konsertane, men me hadde ein konsert klokka fire i går og ein litt seinare. Oppmøtetidspunkt var kvart på elleve, og fyrst då klokka var sju på kvelden, var me heime igjen. Ein god del støy blei det jo med såpass mange ungar, men det var jo litt gøy også. Og sidan alle musikantane skulle kle seg ut, gjorde me det også – han som Harry Potter og eg som Ginny Weasley i heimelaga kostyme :) Litt hekta på Potter-universet i det siste, ja. Ein artig dag med mykje "skummel" musikk, skjelett og spøkelse.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Tones kaker sa...

Takk for en knallbra konsert!! :)

Dere har jobbet kjempebra med den :)

Tone

Silje sa...

Og så må eg takke tilbake for kaka (fekk smakt litt på den rett før me stakk heim) ;)

Legg igjen ein fin tanke